Bildeserie
Opning av tidsmessig politistasjon
Politiet får rundt 140 fleire kvadratmeter å boltra seg på, fordelt over fire etasjar. Stasjonssjef Fredrik Alvestad ved Etne og Vindafjord politistasjon uttrykte glede for dei tilsette, og var raus med takk til leverandørane for ombygginga.
Det er same adresse i Ølen, og inngangsdøra er berre flytta nokre meter. Det er eit heilt anna inntrykk ein likevel får når ein går inn på stasjonen, kor det er eit tydeleg skilje mellom passhandsaminga og polititenesta i eit stort inngangsparti.
Politimeisteren i Sør-Vest politidistrikt med base i Stavanger, Hans Vik, klypte snora som var eit sperreband som blir brukt på åstader. Det var dei to politibetjentane Frida Krog og Steinar Stuhaug frå stasjonen i Ølen, som assisterte politimeisteren ved snorklyppinga.
Identitet