Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Samferdsel
Reagerer på at trafikksikringsforslag blei vraka: — Me blei litt paffe
Etne kommunestyre vedtok i februar 2024 at dei ønskte å spela inn eit forslag om å bruka dei 11 millionane kronene som var att i restmidlar frå bompengeinnkrevjinga på E134 Stordalstunnelen til å byggja eit avkøyringsfelt i Skånevikskrysset. Det var meint som eit tryggingstiltak etter fleire ulykker.
Men Statens vegvesen har no bestemt at Skånevikskrysset ikkje får pengar. Tiltaka før omklassifisering har førsteprioritet til midlane. I tillegg vil fleire millionar kroner gå til omklassifisering frå europaveg til kommunal- og fylkesveg. Dersom det blir pengar att etterpå, vil desse gå til utbetring av busslomma ved sida av Fugl Fønix i Etne sentrum.
— Uryddig