Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) er tydeleg på at regjeringa også ønskjer aldersgrense på Snapchat.
Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Regjeringa avklarer: Vil ha aldersgrense også på Snapchat
Regjeringa ønskjer ikkje noko unntak for Snapchat i den planlagde aldersgrensa for sosiale medium, slår barne- og familieminister Lene Vågslid fast.
– La meg gjere det klart at vi ønskjer ei aldersgrense som skal omfatte tenester som Snapchat, seier Vågslid til Aftenposten.
Då regjeringa lanserte planen sin om 15 års aldersgrense for sosiale medium i sommar, reagerte mange på at det vart foreslått unntak for tenester som Snapchat.