Regjeringa seier dei skal tilpasse posttenestene til dagens behov, mellom anna ved heimelevering av post éin dag i veka.
Foto: Jil Yngland / NTB / NPK
Regjeringa foreslår post i kassa éin dag i veka
Færre brev og papiraviser, men fleire pakkar gjer at regjeringa vil ha ei ny postlov. I lovforslaget blir det lagt opp til postlevering heime éin dag i veka.
Færre brev og papiraviser, men fleire pakkar gjer at regjeringa vil ha ei ny postlov. I lovforslaget blir det lagt opp til postlevering heime éin dag i veka.
Fredag sendte Samferdselsdepartementet sendt eit utkast til ei ny postlov på høyring, opplyser departementet i ei pressemelding.
Denne postlova vil i så fall innebere at posten blir levert heim éin dag i veka – men dei som ønskjer hyppigare levering, skal likevel kunne velje det, ifølgje forslaget.