Egil Kambo i Kambo Energi AS skal byggje ut fire nye småkraftverk i Åkrafjorden. Her står han ved ei demning i Valdraelva i Skånevik.ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Egil Kambo i Kambo Energi AS er glad for at detfleirtal for å skrote regjeringa sitt forslag om auka grunnrenteskatt for småkraftverk på Stortinget.

Energi

Slepp å stoppe kraftutbygging

Sist veke gjekk Sp saman med høgresida og fekk fleirtal for å skrote regjeringa sitt forslag om auka grunnrenteskatt for småkraftverk. Egil Kambo i Kambo Energi kan dermed halde fram planane om å byggje småkraftverk både i Miljateigselva og på Hetleflåt i Åkrafjorden.

Publisert Sist oppdatert

— Hadde forslaget om å innføre grunnrenteskatt også på småkraftverk under 10 megawatt (MW) – ned til 1,5 MW – blitt vedteke, ville desse kraftverka aldri blitt bygde. Me hadde ikkje fått dei finansierte. Og eg frykta at fleire småkraftprosjekt i Åkrafjorden/Rullestad-området ville lidd same skjebne, seier Egil Kambo i Kambo Energi, som òg sit i styret i Småkraftforeininga, til Haugesunds Avis, som var først til å omtale saka.

Den foreslåtte skatten frå Ap-regjeringa ville auka beskatninga frå 22 til 67 prosent for verk mellom 1,5 og 10 MW.

Frp, Høgre, Venstre, KrF og Sp går saman om eit såkalla dokument 8-forslag, der det heiter at grunnrenteskatten for småkraftverk skal haldast på dagens nivå. Med 90 mandat har dei fleirtal på Stortinget.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS