Formannskapet i Vindafjord hadde ulike syn på om kommunen burde inngå samarbeidsavtale med Fikse Næringsforeining. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Formannskapet i Vindafjord hadde ulike syn på om kommunen burde inngå samarbeidsavtale med Fikse Næringsforeining.

Støttar næringslivsorganisasjon

Eit fleirtal i formannskapet i Vindafjord gjekk tysdag inn for å inngå samarbeidsavtale med Fikse Næringsforeining for 2025 og 2026. Fleirtalet ser positivt på kva organisasjonen bidreg med, medan mindretalet stiller spørsmål ved pengebruken.

Publisert Sist oppdatert

— Eg trur me har mykje å hente på å vere med, sa Monica Nesheim (Sp).

Med seks mot tre stemmer var det fleirtal for å gi kommunedirektør Yngve Folven Bergesen fullmakt til å inngå samarbeidsavtale med Fikse Næringsforeining for 2025 og 2026. I avtalen blir det gitt eit samla tilskot på 217.056 kroner for 2025 og 2026. Tilskotet blir dekka gjennom ubunde disposisjonsfond. Saka skal opp til endeleg vedtak i kommunestyret.

Fikse Næringsforeining er eigd av og representerer bedriftene i Etne og Vindafjord. Til saman har desse ei omsetning på rundt 25 milliardar kroner og 6.000 arbeidsplassar. Foreininga arbeider for at næringslivet skal ha best mogleg vilkår for vekst og utvikling.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS