Etne G16 kunne feire med pokalen. Bak frå venstre: Åge Madsgård, Markus Thomason, Peder Rygg Haugen, Simen Mæland Dagestad, Oskar Wojtkowski, Torbjørn Holmedal Åsheim, Sondre Børretzen, Otto Asbjørnson Skjensvoll, Dennis Mønstre Kringlebotten og Svein Helge Ytrenes. Framme frå venstre: Till Kollstrøm Bodenheimer, Olav Aasheim Gunnarsson, Magnus Haugen, Didrik Kvammen Haugen, Markus Sørheim, Hogne Hereide Nedreskaar og Tage Johannes Eljervik. Liggande framme: Bjørnar Tungesvik Matre.
Foto: Kathrine Tungesvik Matre
Lesaren melder
Til topps i fylkescup med 100 supportarar på tur
Laurdag 8. november skreiv Etne Gutar 16 seg inn i klubbhistoria då dei vann finalen i Rogalandscupen etter 1–0-siger mot Riska. Finalen blei spelt på Vår Energi Arena på Randaberg, og nesten 100 ivrige Etne-supportarar – familie, slekt og vener – fylte tribunane og heia fram laget.
Etne-gutane reiste ned med eigen buss, og stemninga var på topp med pizza og brus i lag før kampstart. Tidlegare i turneringa hadde laget slått ut Nord, Åkra, Bryne 2 og Brodd 2 – og viste nok ein gong kva som bur i denne gjengen.
Kampen mot Riska blei eit oppgjer med høg kvalitet, mykje godt spel og mange sjansar. Etne var det førande laget gjennom stort sett heile kampen, og etter 53 minutt kom den fortente uttellinga: Peder Rygg Haugen sette inn vinnarmålet etter ei presis pasning frå Magnus Haugen – til ellevill jubel frå tribunen!