Les i Grannar at arbeidet med å redusera kostnadene til Vindafjordhallen er i gong. Det er bra at det blir gjort tilpassingar i form av sambruk mellom de kommunale badeanlegget og bygdahusdelen til Vats. Det er og bra at det blir gjort forsøk på dugnad og lokale tilskot til bygdahusdelen, slik det jo og er ved alle dei andre bygdahusa i kommunen.
Men – når me no bygger eit nytt kommunalt badeanlegg, så må me ikkje spara ved å ikkje ta med dei viktige funksjonane som eit moderne badeanlegg må ha. Me må ha med eit terapi/varmtbasseng, stupebrett, småbarnsdam og sklie. I det minste må bygget tilretteleggast slik at dette kan koma inn seinare. Me bygger for framtida! Me må bygga eit anlegg som er eit godt opplæringsbasseng for barn og som kan nyttast til behandling og terapi. Men samtidig må anlegget vera attraktivt å besøka for familiar, ungdommar og vaksne frå heile Vindafjord og Etne. Då treng me desse viktige funksjonane!
Eg ser at fleirtalet no vil nytta delar av overskotet i 2022 til ekstra tiltak i skulen. Alle vil gjerne støtta dette, og desse pengane som blir løyvd vil koma godt med for alle skulane. Bra! Likevel stussar eg over at ein ikkje like gjerne kunne foreslå å nytta overskotet til å dekka delar av meirkostnaden til badeanlegget? Overskotet kunne jo blitt øyremerka til badeanlegget, slik at me slepp å ta opp eit større lån? Eit redusert låneopptak på til dømes 32 millionar vil jo årleg spara drifta dei komande åra med minst 2 millionar årleg (3% rente, 30 års avdrag).
Det kan vera mange meiningar om kor badeanlegget burde byggast, men når det no er avgjort at det skal opp i Vats, så må det byggast skikkeleg og med godt innhald. God drift og godt resultat i 2022 bør nyttast til å sikra dette løftet for framtida!
Øyvind Valen
Listekandidat, Vindafjord Arbeiderparti
Grannar opplyser: Øyvind Valen er styreleiar i Grannar. Lesarinnlegg han skriv gir uttrykk for hans personlege meining. Grannar er politisk uavhengig. Redaksjonen står fritt og redaktøren åleine svarar for alle redaksjonelle vurderingar.