Også i Grannar-distriktet kan det blir svært krevjande køyreforhold sundag og måndag.
ARKIVFOTO: Jon Edvardsen
Også i Grannar-distriktet kan det blir svært krevjande køyreforhold sundag og måndag. ARKIVFOTO: Jon EdvardsenBilde 1 av 2
Frå Ølen-sida. Mange venta på å koma over Fikse og enkelte måtte stå godt over ein time i kø.
Foto: Torstein Nymoen
Frå Ølen-sida. Mange venta på å koma over Fikse og enkelte måtte stå godt over ein time i kø. Foto: Torstein NymoenBilde 2 av 2

Vegen er opna

Rundt kl 09.00 blei E134 over Fiske opna igjen etter å ha vore stengt i godt over éin time. Ein tankbil hadde køyrt seg fast og sperra begge felt på stamvegen mellom Ølen og Etne, meldte Sør-Vest politidistrikt like over kl. 08.00. Det snør kraftig i distriktet og ei rekkje stader er det svært glatt vegbane. Strøbil og bergingsbil blei rekvirert til Fikse. Trafikkaoset starta rundt kl 07.45 og i løpet av ein dryg time oppstod det lange køar på begge sider av Fikse. Ein bilist opplyser at det var dårleg brøyta på den eine sida av vegbanen. Politiet rykte også ut til staden for å dirigera trafikken.