Politiet hadde fleire patruljar innom Etne-området i helga som følgje av Etnemarknaden. — Bortsett frå vêret har helga vore veldig grei for politiet sin del. Det har gått roleg føre seg på marknaden, seier operasjonsleiar Britt Jorunn Løvereide ved Sør-Vest politidistrikt. Også i resten av Grannar-distriktet har folket oppført seg bra i helga, målt ut i frå meldingane politiet hadde fått fram til 15.30-tida på sundag.