Førebur mottak av flyktingbarn

Vindafjord kommune vil starte ein kampanje for å rekruttere fosterheimar til flyktingbarn i haust. Det melder leiar Dan Jørgen Eide i barneverntenesta i Etne og Vindafjord i ein e-post til Bufetat. Kommunen vedtok tidlegare i år ta imot einslege mindreårige med fosterheim som buform. I samband med dette ber ein no om ei avklaring frå Bufetat om kor mange born det er aktuelt å busette i Vindafjord, slik at dei kan dimensjonere rekrutteringsarbeidet, som også vil bestå av fosterheimkurs i januar neste år, best mogeleg.