Jon Bjarte Aarekol (t.v.) er vinnar av årets eldsjelpris. Bjørn Cato Aarekol til høgre. 
Pressefoto
Jon Bjarte Aarekol (t.v.) er vinnar av årets eldsjelpris. Bjørn Cato Aarekol til høgre. Pressefoto

Finale trass mykje trøbbel

Problema var mange då 13 år gamle Bjørn Cato Aarekol stilte til start i andre runde i crosskart juniorcup. Men finale blei det likevel på den unge føraren frå Vikedal.

Bjørn Cato Aarekol fekk eit vanskeleg løp på Krabyskogen ved Gjøvik i helga. Dramatikken starta då han måtte byta motor etter treninga. Heller ikkje i A-finalen gjekk det etter boka. Kjeda rauk og Aarekol kunne ikkje gjera anna enn å sitja å sjå at konkurrentane fullførte.

— Eg trudde berre eg hadde kvelt motoren, men då pappa skubba karten bakover og ut av startplata, forstod eg at det ikkje blei kjøring. Då var eg skikkelig lei meg, seier 13-åringen.

Enkle kjøretøy

Crosskart er ein vaksande motorsport som består av bilar bygd saman av éin
røyrramme med motorsykkelmotor. Sporten føregår på

på rallycrossbanar og i bakkeløp, og er ein av dei rimelegaste formene for motorsport å driva.

I denne sporten må ein venda seg til op- og nedturar

Sporten er delt opp i fem klassar, og kan kjørast frå ein er seks år gamal. Største klasse, 650ccm er frå det året ein fyller 16 år. Låg vekt kombinert med mykje krefter, gjer at crosskarten til veldig raske kjøretøy. I den største klassen er farten målt til 0-100 på tre sekunder. I miniklassen skal maks fart ikkje overstiga 60 km/t.

Samanlikna med anna motorsport er crosskart rimeleg ettersom utøvaren i prinsippet kan nytta same kjøretøy heile karrieren fordi det er enkelt å endra motorevne. Norges Bilsportforbund set krav om lisens for å konkurrera.

Godt miljø

Bjørn Cato Aarekol har kjørt crosskart sidan han var ti år gamal, og blir fylgd godt opp av heile familien. NMK Vikedal har sju unge førarar i denne motorsporten, og pappa Jon Bjarte Aarekol skryt av klubben.

— Dei legg godt til rette med bane og treningstider for oss. Det er aukande interesse for dette, spesielt i dei yngre klassane, så dette er god rekruttering til motorsporten, seier Aaarekol som sjølv har prøvd seg som konkurransekjørar.

Før løpet på Krabyskogen hadde poden sett seg som mål å nå ein femte plass. Fasit blei nummer ni. 
Alt på treninga fekk han problem med karten. Han hadde god fart i dei to første rundane, men så stoppa den.

— Eg trudde at den hadde skore seg då eg høyrde lyden frå den, men då eg gjekk ut av karten og fann ut at tennpluggen var laus, forklarar han.

Snurra

Tilbake i depot vart det raskt konstatert at motoren var kaputt. Dei fekk tak i ny som vart sett inn før første omgang. Her blei det problem med giringa. 
På startplata fekk Bjørn Cato ikkje karten i første gir, og måtte ta starten i andre. I tillegg virka ikkje brillene slik at han såg nesten ingenting på nyvatna bane.

Dermed ein litt vanskeleg start for den unge NMK-føraren. Mekanikarane fekk orden på girkassen, og her køyrde han inn til ein andre plass.

— Eg gjorde ein feil i starten slik at eg kom sist ut, men er fornøgd med opphentinga

. I tredje omgang blei det tøft. Eg låg på tredjeplass då karten snurra og trefte ein asfaltkant i ein sving slik at eg blei ståande i feil kjøreretning.


Klar til neste runde

Med andre sporet i B-finalen klaffa alt. Bjørn Cato kom inn til andre plass og var vidare til A-finalen. Her rauk altså kjede på startplata og det var sluttkjørt.

— Skuffelsen var sjølvsagat stort, men heldigvis går det fort over. I denne sporten må ein venda seg til op- og nedturar, seier faren som lovar at dei er på plass i neste runde på Ralle Motorbane i Bø 27. juni.