Foto: Annbjørg Bue, medlem i Etne og Vindafjord fotoklubb
Foto: Annbjørg Bue, medlem i Etne og Vindafjord fotoklubb

«Gjennom linsa» i tre år

Send inn dine blinkskot.

Det har gått litt over tre år sidan Grannar-spalta «Gjennom linsa» såg dagens lys. Sidan den gong har lesarane forsynt lokalavisa med drøssevis av bilde, og nærare 300 av desse har vore på trykk i måndagens utgåve sidan starten i mars 2011.

Her er det aller første bildet under vignetten. Det er katten Baldrian som ligg og kosar seg på ei kjeskinn frå Granberg Garveri.

Me ynskjer framleis at fotointeresserte og hobbyfotografar sender inn bidrag til spalta. Send til: foto@grannar.no, og merk sendinga med «Gjennom linsa». Bilda bør vera i breiddeformat, og det er viktig å ta med nokre opplysningar om motivet og kven som har tatt bildet.