Møtt av ambulansehelikopter i Etne og frakta vidare i lufta. Foto: Arne Frøkedal
Ambulansetenesta er ein spennande arbeidsplass som er interessant for mange ungdommar. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Arbeidsulykke i Stordalen

Mann flydd til sjukehus.

Ein person er frakta til sjukehus i luftambulanse etter ei arbeidsulykka i Stordalen tysdag ettermiddag.

Ifylgje Haugaland og Sunnhordland politidistrikt skjedde uhellet i samband med eit løft på det store E134-anlegget i Etne.

Dei første opplysningane gjekk ut på at ein mann hadde fått eit tre over seg, men det viste seg å vera ein stolpe under eit løft med ein gravemaskinen.

Den skadde blei frakta med ambulanse vestover mot Etne, der dei blei møtt av eit ambulansehelikopter som fullførte transporten til sjukehus. Det er uvisst kor alvorleg skade det er snakk om.

Politiet er nå på åstaden for å etterforska arbeidsulykka.

Siste

Politiet opplyser kl 18.30 at den skadde er frakta til Stavanger universitetssjukehus. Det er ein litauisk statsborgar i 20-årsalderen som blei skada i forbindelse med anleggsarbeid ved Håland i Etne. Ifylgje politiet er mannnen ikkje alvorleg skada. Arbeidstilsynet er rutinemssig kopla inn i saka,