Mange tre gjekk over ende i den sterke vinden. Her frå Skånevikstranda torsdag ettermiddag der ein bilførar tok dett bildet gjennom frontruta. MMS-foto: Privat
Mange tre gjekk over ende i den sterke vinden. Her frå Skånevikstranda torsdag ettermiddag der ein bilførar tok dett bildet gjennom frontruta. MMS-foto: Privat

Mange utan straum

Stormen har lagt seg, men på morgontimane fredag kom nysø og skapte vanskelege køyreforhold. Folk må rekna med meir snø ut over dagen.

Det var ytre del av Haugalandet og Sunnhordland som blei hardast ramma av uvêret torsdag og natt til i dag. Politiet har ikkje fått melding om alvorlegare hendingar, men ei rekkje vegar har vore stengde.

Mange blei straumlause i kortare periode både i Vindafjord og Etne, andre har måtta venta lenge på at nettet blei orda. Haugaland Kraft melder fredag morgon om rundt 1.500 kundar som framleis er utan straum. Blant desse er folk i Stokkadal i Vikedal.