Landbruket vil bli ramma hardt, er den klare diagnosen frå lokale Sp-ordførarar på den nye blåblå politiske plattforma landet skal styrast etter.
— Politikken for landbruket er ikkje uventa, men eg er bekymra når eg les den politiske plattforma til den nye regjeringa på dette punktet. Konsekvensane melder seg ikkje den første dagen, men eg er sikker på at det betyr fleire og raskare nedleggingar av bruk i Vindafjord med ein slik politikk, seier ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) i Vindafjord.
Han meiner regjeringserklæringa er dårleg nytt for produksjon og forsyning av mat på eiga jord her i landet. Det bør bekymre fleire enn bøndene, påpeikar han.
«Intet å frykte»
Den nye politiske plattforma som Høgre og Frp skal regjere med utgangspunkt i, omhandlar både smått og stort. På 75 sider står alt frå å gi klarsignal til proffboksing og poker, til garanti for kreftundersøking og lovfesta eldreomsorg for den enkelte.
Den påtroppande regjeringa tar grunnvollane i det som gjer det mogleg å produsere mat i heile landet
Kapittelet om landbruk har fått mykje omtale, også fordi det kanskje er det einaste kapittelet som blir oppfatta som kutt i ei plattform som i mangt lover endringar som vil koste pengar, utan å vise så konkret kvar ein skal hente pengane frå.
Høgre sin landbrukstalsmann på Stortinget, Svein Flåtten, har hatt det travelt med å forsikre at det er intet å frykte i regjeringa sin landbrukspolitikk.
Ser ille ut
Etne-ordførar Sigve Sørheim (Sp) likar ikkje å skape negativ stemning for ei så sentral næring som landbruket er i kommunen hans, men han vil ikkje underslå at han meiner det ser ille ut.
— Det er viktig å påpeike at dette handlar ikkje berre om landbruket, men heile bygde-Noreg. Kulturlandskapet er mange opptatt av, men då må ein både ha hender og dyr som pleier det. Den påtroppande regjeringa tar grunnvollane i det som gjer det mogleg å produsere mat i heile landet ved at dei vil kutte i tollvernet og statlege overføringar, seier han.
Han har sansen for mange forslag i den blåblå plattforma, men mangelen på distriktsprofil er han redd for slår negativt ut for ein kommune som Etne.
— Landbuk er distriktspolitikk. Når det gjeld kommunane er det varsla endringar, men ikkje så mykje konkret. Men ei satsing på storbyane, slik regjeringa går inn for, vil uvilkårleg gå ut over distrikta, seier han.
KrF nøkkelrolle
Ordførarkollegaen i Vindafjord meiner KrF får ei nøkkelrolle i å stagge omleggingane av norsk landbrukspolitikk, men då må partiet også få Venstre med på laget.
— I siste instans er det Stortinget som avgjer politikken, men det har vore vanleg praksis at Stortinget godtar jordbruksoppgjeret, så det blir spennande å sjå kva som skjer. At dei blåblå vil ha jordbruksforhandlingar også i framtida, er sjølvsagt positivt, seier han.
Dei to Sp-ordførarane er for øvrig positiv til at den nye regjeringa vil satse på vegutbygging og kollektivtransport. Det håpar dei også skal kome distrikta til gode.
Sender rekning
— Vegsatsinga er optimistisk og vil gå endå lenger enn det den raudgrøne regjeringa har starta med. Samferdsle er viktig for oss, og det ser eg positivt på, seier Vierdal.
Men han synst det er ein gjennomgåande tråd i heile den politiske plattforma til Høgre og Frp at dei har mange gode forslag til satsingar, men seier desto mindre om korleis det skal finansierast, med unntak av at partia vil bruke meir oljepengar enn den avtroppande regjeringa, og likevel vere innanfor handlingsregelen på 4 prosent sidan oljefondet veks år for år. Vierdal meiner nokon må få rekninga for mange store utgiftspostar i den politiske plattforma.
— Eit vegselskap kan vere eit bra instrument, men samstundes har ein sausa finansieringa saman med OPS (offentleg-privat samarbeid journ. anm.). Det betyr å ta opp lån og sende rekninga vidare til komande generasjonar. Eg er heller for å betale rekninga her og no med statleg midlar, seier han.