Det er tidleg morgon og ein gjeng sjuande klassingar samlar seg like ved sjukeheimen i Vats. Ein sveitt gymsal er byta ut med frisk haustluft. I dag er det prosjekt fysisk form og tur i det fri som står på timeplanen. Ei krevjande trimløype snor seg oppover lia, forbi beitande sauer og opp bratte kneikar. Motivasjonen er på topp.
– Bakkane er veldig lange, men me gir alt. Det er godt med frisk luft og så er me blitt i betre form, seier 11 år gamle Jarle Krakk og hiv etter pusten.
25 minutt oppoverbakke er unnagjort. Ungane er nøgde.
– Dette er hardare enn innegym. Me har klart å springa til topps på 15 minutt tidlegare altså, seier Jarle og kameraten Jonatan Sandane Utbjo (12).
Dei to gutane likar seg på fjelltur.
– Me går tur på fritida og, seier dei.
Betre form
Den dårlege fysiske forma til enkelte elevar ved Vats barneskule fekk skulen til å tenkja i nye banar. Ein dobbel gymnastikk time ut i naturen vart sett i gong for eitt år sidan.
– Dette prosjektet har me starta fordi enkelte elevar var i dårleg form. Under fjellturane skulen arrangerte var det ofte syting og klaging. Terskelen for å sleppa var låg. Nå er alt dette borte og elevane er i mykje betre form, seier lærar Lars Sigurd Ohm.
Prosjektet vil skulen halda fram med også til neste år.
– Lærarane ser at elevane synest det er kjekt å koma i betre form. Haustferien markerer slutten for utegymmen. Så startar me opp igjen til våren, seier Ohm og fortel at skulen også tek alle elevane med på fjelltur minst to gonger i året utanom denne faste trimturen.
Konkurrerer mot seg sjølv
Elevane i femte til sjuande klasse deltek på trimopplegget. Tanken er at dei skal konkurrere med seg sjølve. Ei merka løype viser kor langt elevane har sprunge.
– Langs løypa er det måla tal på steinar. Alle elevane spring i 25 minutt. Når tida er over kan kvar elev sjå kor langt dei har nådd ved å lesa av talet på steinen, seier Ohm.
Elevane vel sjølv om dei vil springa eller gå. Dei ivrigaste spring opp lia. Andre tek det meir med ro og ruslar av stad.
– Eg både spring og går. Dette har gitt meg betre kondis, seier 12 år gamle Bente Kristin Eikanes som spelar fotball på fritida og likar å vera i god form.
Denne ekstra trimmen kjem dessutan godt med for å halda kondisen ved like, meiner ho.