Skjoldar sitt jentelag før semifinalen som dei tapte 2-1 mot Østre Slidre. Likevel er jentene svært glade for bronsemedalje i Norway Cup.   Foto: Privat
Skjoldar sitt jentelag før semifinalen som dei tapte 2-1 mot Østre Slidre. Likevel er jentene svært glade for bronsemedalje i Norway Cup. Foto: Privat

Bronse til Skjoldar

Det var i dei siste speleminuttane at kampen punkterte for skjoldarjentene, og draumen om gullet rauk.

Dei blå og kvitkledde jentene frå Skjoldar møtte i dag Østre Slidre i semifinalen i A-sluttspelet under Norway Cup. Det blei ein spennande og jamn kamp der begge laga scora kvart sitt mål, og stillinga 1-1 sto lenge gjennom kampen. Så var det i løpet av dei siste speleminutta av Østre Slidre punkterte skjoldarjentene, då dei rykka frå med 2-1, som også blei sluttresultatet for kampen.

— Me kunne sjå på jentene at dette gjekk inn på dei, i slutten av kampen. Så då dommaren blæs i fløyta og Østre Slidre kunne jubla, var det ein trist gjeng som gjekk i garderoben, seier hovudtrenar Anna Øygard.

Sorga over tapet varte likevel ikkje så lenge, for prestasjonen jentene har gjort i Norway Cup viser flott innsats og god fotball.

— Me har jo fått bronsemedalje, så seinare i dag skal me ta i mot denne og det gler me oss til, seier Øygard.