Åsa Berge jublar for gratis bil i eitt år. I valet mellom ein Subaru Forester og sportsutgåva BRZ valte ho den første. Foto: Odd Gunnar Nordengen
Åsa Berge jublar for gratis bil i eitt år. I valet mellom ein Subaru Forester og sportsutgåva BRZ valte ho den første. Foto: Odd Gunnar Nordengen

Her jublar Åse for gratis bil i eitt år

Vågsbu med superflaks.

Av Odd Gunnar Nordengen

Åsa Berge (29) frå Ølensvåg dansa av glede då namnet hennar blei trekt ut blant dei 11.000 som deltok som mosjonistar i årets Skarverenn. Nå kan hå kjøre Subaru Forester gratis i eitt år!

— Og så eg som var i ferd med å bytte ein sliten Polo. Derfor kom dette som bestilt. Du for eit lykketreff, jubla Åsa.

Til dagleg er ho å finne som bioingeniør på Rikshospitalet i Oslo, men med familie på Vestlandet er ho avhengig av ein god og trygg bil. Derfor også denne sterke gleda av å vinne.

— Tenk på at mitt namn blei trekt blant nesten 11.000 andre. Slik flaks har eg aldri hatt. Kjem sikkert ikkje til å få det igjen, heller.

Ikkje til stades

Det er ein av hovudsponsorane til Skarverennet, Subaru, som står bak det som – i tillegg til sjølve skirennet – er blitt eit skikkelig høgdepunkt under arrangementet.

Det er nemlig slik at vinnaren må vere til stades under trekninga, og slik sett var ølensvågjenta ekstremt heldig. Den første som blei trekt ut, hadde forlate stadion. Og då måtte landslagsløpar Astrid Uhrenholdt Jacobsen trekke ein ny vinnar.

— Eg var igjen for å vere med på trekninga. Det angrar eg ikkje på i dag, seier Åsa Berge med eit stort, stort smil.