Det var garasjen ved ein fritidsbustad som tok fyr i Litledalen i Etne, torsdag ettermiddag. Trass i at brannvesenet kom raskt til staden, brann heile garasjen ned til grunnen. Likevel vankar det ros til brannvesenet frå naboane, Karl og Gunhild Rasmussen.
— Då me oppdaga at nabogarasjen brann, ringde me 112 og det tok svært kort tid før brannmannskapet kom til, seier ekteparet. Dei legg til at dei ei stund var ganske nervøse for spreiing, og Karl sto sjølv ute i hagen med vasslange for å avgrensa spreiing av flammane til eigen eigedom.
Heile garasjen i tillegg til eit lite område bak garasjen, oppover mot nabotomta blei svidd av. Og då klokka var 15.45, altså tre kvarter etter at brannen blei meldt inn, var heile brannen sløkt.
— Kva som er årsaka til brannen, er førebels ukjent, opplyser innsatsleiar på staden, Kari Rørtveit.