Chris André Jespersen var suveren på Beitostølen i sundagens 15 km klassisk. Arkivfoto: Svein Halvor Moe
Chris André Jespersen var suveren på Beitostølen i sundagens 15 km klassisk. Arkivfoto: Svein Halvor Moe

Jespersen knuste alle

Til topps i klassisk stil.

Chris André Jespersen frå Skånevik skuffa i 15 km klassisk under fredagens opningsrenn på Beitostølen der han blei nummer ni. I dag slo han hardt tilbake og vann same distanse i klassisk stil.

Rett før start sundag fekk han melding frå landslagsleiinga om han ikkje fekk gå verdscupopninga i svenske Gällivare komande helg. Det gjorde at han tente på alle pluggane. Blant dei han knuste var Petter Northug jr.

Jespersen leia frå start til mål og vann suverent, over 14 sekundar før Pål Golberg. Den 29 år gamle skåneviksbuen som er skøyteekspert, gjekk eit av sine beste klassiske renn i karrieren.

Nå har han lagt inn ein god søknad om å få representera dei norske fargane i Kuusamo om to veker. Spørsmålet er om landslagsleiinga snur i synet på verdscupopninga. Jespersen var nemleg uheldig fredag og sleit med dårleg glid

Les meir om saka i måndagens papiravis/evis.