President i Norges svømmeforbund (NSF), Per Rune Eknes, meiner det er for gale at berre symjeklubben og skulane i Etne har tilgang på symjebassenget på Enge.
I heile skuletida nyttast bassenget av elevane. Til symjeklubben er det sett av rundt åtte timar fordelt på tre dagar. Likevel blir vatnet i bassenget oppvarma heile veka igjennom, også når det er stengt for bruk i helgene. Stenginga heng saman med at dei manuelle prøvane som må takast av vatnet i bassenget, må gjerast av vaktmeisteren som har kompetanse på dette området.
Symjepresident Eknes som besøkte Etne tysdag for å få basseng og symjeopplæring på agendaen, trur nesten ikkje det han høyrer.
Etterlengta bading
— Dette er heilt på trynet! Eg veit om mange basseng som er tømde for vatn, men eg har aldri høyrt om basseng med vatn som ikkje er ope for alle. Eg er sikker på at folk vil stå i kø for å bade dersom det vart opna for det, seier han og let seg provosere over at bassenget er oppvarma sjølv når det er stengt i fleire dagar.
«Dette er heilt på trynet!
— Det er som å kaste pengar ut av vindauget i staden for å prøve å tene pengar. Eg veit dessutan om mange symjeklubbar som har kursa seg for å kunne handtere denne tekniske biten sjølv, seier han engasjert og har heilt rett i at eit slikt folkeleg tilbod er etterlengta i kommunen.
Symjeklubben i Etne har lange ventelister og blir møtt av innbyggarar i alle aldrar som lurer på om dei kan få komme og symje i den vesle hallen. Det er fleire år sidan badet var ope for alle, ei stund i regi av symjeklubben. Mangelen på badevakt førte til at kommunen måtte ut på friarferd. Etter å ha søkt to gonger etter badevakt utan å få søkarar, kasta kommunen inn handkledet.
I dag er det berre skulane og symjeklubben som nyttar det 12,5 meter lange bassenget. Det vart bygd på Enge på slutten av 1960-talet, har kapasitet på rundt 350 badande i veka og er godt merka av tidas tann.
Utdatert og for lite
No meiner symjeklubben at det er på tide å brette opp ermane og satse meir på basseng, både når det gjeld utbetring av bassenget og utviding av tilbodet. Tysdag inviterte dei ei rekkje personar frå basseng/idrettsmiljøet og lokalpolitikarar til møte for å få temaet opp på politisk dagsorden i Etne. Initiativtakar, leiar av symjelaget, Elisa B. Jakobsdottir meiner det er viktig å ha ein konkret plan for framtida.
— Me har prøvd lenge å utvida bruken av bassenget, og kunne for første gong på to år ta imot nye medlemmer no i haust. Men me treng hjelp. Det er viktig å ha ein langsiktig plan. Me kan komme langt med rehabilitering av bassenget og opning for større bruk. På lengre sikt bør me tenkje større. Me ønskjer oss eit basseng på 25 meter med tribune og å behalde det gamle bassenget. Det er god bruk for begge deler, seier ho.
Jakobsdottir får støtte frå symjepresidenten som påpeiker at bruken av basseng har endra seg mykje med åra.
— Bassenget dykkar held grei kvalitet, men det er lite og utdatert. Det er laga for 1960-70-talet og oppfyller ikkje behovet som finst i dag. Sklier, bølgjebasseng og stup som manglar her, har blitt til vanleg inventar. Skal de dessutan satse på dei unge konkurransesymjarane, treng de eit betre og større basseng for at dei skal kunne utvikle seg. Dei vil aldri kunne nå toppen med eit så lite basseng, seier han og meiner at eldsjelene og kommunen må finne fram til eit anlegg som kan dekke behova til alle aldersgrupper.
Samfunnsansvar
Eknes påpeikar at tilbodet om opne symjehallar er eit samfunnsansvar som skal vege tungt på dei folkevalde. Men utviklinga ser ut til å gå i motsett retning, både når det gjelder talet på symjeanlegg og symjedyktige elevar.
— Pressa kommunepolitikarar let omsyn til økonomien gå føre rettane til folk. Retten til symjeopplæring i skuletida er nedfelt i kunnskapsløftet, men dette er ofte ikkje realiteten. Mange anlegg over heile landet står tappa for vatn, og det går utover ungane. Ferske tal viser at berre halvparten av norske femteklassingar kan symje. Mange av dei lærer å symje når dei er på ferie i Syden. Me kan få eit tydeleg skilje mellom fattig og rik på denne måten. Slik kan me ikkje ha det, seier han.
Trass denne uheldige utviklinga kan NSF melde om solide medlemstal. På få år har dei dobla talet til rundt 6.000 medlemmer. Samtidig har norske badeanlegg heile 20 millionar besøk i året. 77 prosent av dei 850 anlegga er bygde før 1977, og berre rundt 100 symjehallar har kome til mellom 1980 og 2005. Rundt 200 anlegg i landet er stengt på grunn av pengemangel.
Dermed står det, ifølgje symjepresidenten, ikkje så bra til med byggjekompetansen på området heller.
Ingen lovnad
— Me manglar ein generasjon med fagfolk som har kompetanse til å byggje symjehallar. Dei skriv rekninga mens dei lærer seg faget, og det blir ofte veldig dyrt. Kostnaden på konsulentarbeidet åleine fører nesten til arbeidet blir for dyrt før spaden er sett i jorda. Heldigvis kjem det no aktørar på banen som har meir forutsigbare prisar, seier symjepresidenten.
Ordførar Sigve Sørheim understrekar at han sett pris på engasjementet, men kan ikkje love noko.
— Eg må minne om at me er inne i ei tid med store investeringar frå kommunen, både i Skakkesenteret og det nye omsorgssenteret. Eg trur det er best å starte med å forbetre det me allereie har i dag, seier han.
No vil arbeidet for bassenget skje i ei eiga arbeidsgruppe som skal finne ut vegen vidare, men medlemmene legg ikkje skjul på at dei er optimistiske til at både rehabilitering og nytt basseng skal komme på plass i overskodeleg framtid.
Les meir i dagens papirutgåve av Grannar eller e-avisa.