Regionen sitt store Coop-selskap med avdelingar blant anna i Etne og Vindafjord, har kome gjennom finanskriseåret utan at det har gått ut over handelsiveren blant kundane. 2009 gav 1,378 milliardar kroner i inntekter netto, som er 3,2 prosent betre enn året før.
— Eit veldig godt og positivt år med rekord i omsetning, resultat, kjøpeutbytte og medlemskap. Også våre distriktsbutikkar på indre Haugalandet står seg svært godt, opplyser dagleg leiar Tore Klovning til Grannar. Han legg til at det er daglegvarer som drar opp veksten.
Copp Haugaland kom i fjor ut med eit driftsresultat på 61,7 millionar (59,0 millionar i 2008), og 57,1 millionar i resultat før skatt (57,6). Året før var resultatet noko løfta av ein salsgevinst.
Resultatet er rekordgodt, og gir utslag i 27,3 millionar kroner i kjøpeutbytte (inkludert handel i andre Coop-lag eller Coop-tilknytta handelsverksemder), som også er historisk høgt.
— Gledeleg er at Coop Haugaland også opplever solid medlemsvekst; 2.200 nye berre i fjor, til totalt 42.700 medlemmer. Ein stor del av desse er unge i alderen 25 – 30 år. Veksten er godt fordelt på heile regionen, seier Tore Klovning som nå er sjef for heile 670 tilsette.
Les meir om korleis det har gått med dei lokale Coop-butikkane i papirutgåva av Grannar.