Folkets røst – og alle andre – kan trygt røysta Senterpartiet

I botn ligg det gamle ordtaket om at ein må yta, for å kunna nyta. […]

I botn ligg det gamle ordtaket om at ein må yta, for å kunna nyta. Om det ein gong skulle bli nødvendig å utvida eigedomsskatten i Vindafjord kommune til og å gjelda bustader og fritidsbustader, så er det for å oppretthalda dei eksisterande kommunale tenestene, og å sikra grunnlaget for levande bygder.
På grunn av at me no har ei regjering som tek kommuneøkonomien på alvor, og god skatteinngang som følgje av gode tider, ser me idag ikkje trong for å gå inn for dette no.
På same måten er det med gebyra som blir innkravd for dei kommunale tenestene. Dei skal etter lova dekka dei reelle utgiftene kommunen har med desse tenestene. Grunnen til at kloakkgebyra er sett høgare i Vindafjord enn i nabokommunane kan såleis vera at utgiftene er høgare fordi investeringane i td. kloakknettet har vore og vil bli større i Vindafjord. M.a. står Vats, Ølensvåg og Ølen framfor omfattande utbyggingar i nær framtid. Ein må yta for å nyta reint vatn og rein fjord.
Det er i dei næraste åra at den økonomiske effekten av kommunesamanslåinga vil koma til syne for alvor. Beviset på at Vindafjord allereie no har betre økonomisk handlefridom, er den storstilte barnehageutbygginga me står føre i år, og viljen til å satsa på idrettsanlegg og fritidsaktivitet for barn og unge.
2. Viktigast for Senterpartiet er at det er tilgjengeleg attraktive bustadtomter i alle delar av kommunen til ei kvar tid. Om dette skjer i kommunal eller privat regi ser me på som eit underordna spørsmål. I presentasjonen av kommunen som bu- og arbeidsplass er det viktig at alle tomtetilbod kjem med. Og at dei i størst mogeleg grad er frie.
3. Beste garantisten for at det skal vera barneskular, barnehagar og SFO i alle dei ni bygdene i Vindafjord er Senterpartiet.
4. Ved å gå inn på kommunen sine nettsider får ein etter måten god innsikt i møteaktiviteten og sakene som blir handsama. Senterpartiet ønskjer seg aktive grendeutval til å spela på lag med til dømes folkemøter som god kommunikasjonskanal mellom administrasjon, politikarar og veljarane.
Vidare vil me arbeida for breiband til heile kommunen. Me oppmodar datakunnige i alle bygder til å laga heimeside for si bygd, jmfr. Vikedal Utvikling og Bjoanett sine sider.
5. 6. Det er trong for sjukeheimsplassane både i Vats og i Ølen. Med dei kommunikasjonane me har i dag skulle det ikkje vera noko i vegen for at einskilde spesialfunksjonar blir samla på ein av sjukeheimane, om det kan føra til meir praktiske og økonomisk betre løysingar. Elles er Sp ein varm tilhengjar av å leggja til rette så folk kan bu heime lengst råd er.
7. 8. 11. Pensjonattomta i Ølen må gå inn i den overordna planen som er under utarbeiding for å gjera Ølensjøen til eit attraktivt og vakkert sentrum i Vindafjord kommune, der ein tek vare på det verneverdige og let det gå inn i ein moderne og fotgjengarvenleg løysing. Gjennom press på vegstyresmaktene må det arbeidast for ein forsering av omlegginga/oppgradering av E-134 gjennom området frå Ølensvåg til Oppheim, for å unngå at me får strekningar med 40 km/t. Dersom dette dreg ut i tid, kan 40 km/t-grense gjennom tettstadane i kommunen vera med på både pressa fram endringar og gjera tilhøva for fotgjengarar lettare. Avklaring av framtidig Sandeidskrysset i Ølen bør stå høgast på prioritetslista for å tilrettelegga for meir sentrumsareal. Ved gode arkitektoniske løysingar kan sjølv hus med tre etasjar gli godt inn i Ølen sentrum.
10. Høgfartsbanen mellom Vestlandet og det sentrale Austlandet etter Norsk Bane sitt konsept kan bli eit av dei viktigaste tiltaka også for å betra kommunikasjonen innan Rogaland og Hordaland Ikkje minst vil dette tiltaket vera eit løft for klimagassreduksjon og har Senterpartiet sin fulle støtte. Ein Høgfartsbane der ein frå Ølen kan nå Haugesund på 20 minutt, Stavanger og Bergen på under ein time og Oslo under 2 timar vil bli den største omveltinga i folk sin kvardag sidan bilen avløyste hesten. Samstundes må E-134 og RV 46 opprustast slik at me får sjå «gul stripe» heile vegen.

Nå kjem dette svaret litt seint, men me får sei som Skipper Whorse, «vi kommer sent hr. Konsul, men vi kommer godt». Til slutt vil me oppmoda «Folkets Røst» å læra av Sp på det å syta for å ha medlemer frå heile kommunen, for å bidra til at me har eit heilskapssyn. Då det fort kan bli litt innsnevra å sjå kommunen berre frå nokre bygder si side. Elles seier me takk for flott innspel.


Vindafjord Senterparti

Åsmund Kalstveit
Gruppeleiar
Arne Bergsvåg
Ordførar