Held lista hemmeleg

Det betyr at berre ein innvigd krins i partiet har oversikt over den komplette lista […]

Det betyr at berre ein innvigd krins i partiet har oversikt over den komplette lista som blir lagt fram på nominasjonsmøtet. Etne Høgre har tidlegare gjort kjent at Roe Lauvås er den nye toppkandidaten for partiet, og at ordførar Amund Enge dermed er vraka.
Men etter bråket rundt vrakinga av Enge har styret lukka all informasjon om det komplette listeforslaget som blir lagt fram på nominasjonsmøtet den 23. mars.

Vil ikkje svare
Leiaren i Etne Høgre, Rune Ramsvik, viser til at det er eit vedtak i partiet når Grannar får nei på spørsmålet om å få listeforslaget frå nominasjonskomiteen.
— Det er eit styrevedtak om å gjere det slik. Det har blitt mediestøy rundt nominasjonen, og difor valde styret å avvente offentleggjering av lista, seier Rune Ramsvik.
Han opplyser at heller ikkje medlemmer i partiet får lista før på nominasjonsmøtet.
— Er det ikkje meir demokratisk at dei som vil kan få vite om listeforslaget før sjølve nominasjonsmøtet?
— Det føler eg ikkje behov for å svare på. Styret har vedtatt at det skal vere slik, seier partileiaren.
Styret i Etne Høgre består av Ingbert Markhus, Malin Moe Osvåg, Roar Gundegjerde, Therese Lundal Hustvedt, Steinar Hardeland, Ingebrigt Kaldheim og Rune Ramsvik.

40 prosent auke
Ramsvik har inga formeining om det er nominasjonsbråket som er årsak til at Etne Høgre fekk 24 nye medlemmer før 23. februar. Det var fristen for å få stemmerett på nominasjonsmøtet. Det er ein medlemsauke på over 40 prosent etter årsskiftet, og partiet har no 81 medlemmer. Det har vore ei utmelding i denne perioden.
— Eg har ingen formeining om at det er fleire innmeldingar enn normalt. Det er alltid ein del innmeldingar i eit valår, seier Høgre-leiar Ramsvik.
Han vil ikkje kommentere om det er fleire innmeldingar på grunn av vrakinga av den sitjande ordføraren. Det låg nemleg an til at det skulle bli ei posisjonering og kamp om topplassen på Høgre-lista sidan tilhengarar av Amund Enge varsla at dei ville kjempe for at han framleis skal vere partiet sin ordførarkandidat.
I så fall ville det blir ein strid der den nye kandidaten Roe Lauvås og Amund Enge har støtte i kvar sin leir i Etne Høgre. Mykje tyder på at denne kampen er avlyst og at Roe Lauvås drar det lengste strået.