Skadd i bilulukke

Mannen vart først sendt til legesenteret i Ølen, og deretter til sjukehuset i Haugesund for […]

Mannen vart først sendt til legesenteret i Ølen, og deretter til sjukehuset i Haugesund for vidare undersøking. Han kom frå Nedre Vats i retning Knapphus og køyrde av vegen og rulla rundt før bilen stoppa på taket. Det var ingen andre involvert i uhellet. Operasjonssentralen til Haugaland og Sunnhordland politidistrikt fekk melding om ulukka klokka 06.49, og det vart rapportert om at det var glatt vegbane der uhellet skjedde. Det er ikkje mistanke om promille.