Eg tar bussen til skulen kvar dag, det er ein svingete og smal vei, så me må bremse heilt ned når det kjem for eksempel lastebil, buss eller andre litt store kjøretøy. Då blir det ikkje betre av at bussjåføren snakkar i mobiltelefon (utan headset eller noko anna form for utstyr). Det er noko som er daglegdags på bussen vår, og det er både farleg og ulovlig.
Som busskort har me fått ein liten kopiert papirlapp på storleik med eit busskort. Det MÅ me vise kvar dag, om ikkje så må me betale. Columbus sa for ca 1 1/2 år sidan at dette berre var eit mellombels tiltak for dei første vekene og så skulle me få skikkelige kort etter det. Men dei kom aldri.
Eg er klar over at bussjåførane ikkje har plikt til å stoppe der det ikkje er busstopp, men å skjelle ut gamle folk for å stå og vente på bussen, i ei heilt grei busslomme, men som ikkje er skilta med busstopp, er å ta litt hardt i. Same er det der eg har gått på bussen i snart ni år. Der sa ein bussjåfør nyleg til meg at eg ikkje kunne stå for det ikkje var busstopp, og i tillegg så hadde det vore ei ulykke der for ca 40 år sidan. Då forstår jo alle at det er livsfarleg å gå på bussen der.
Dei vil altså at små skuleungar, som òg går på bussen der, skal gå opptil 300 meter på ein sterkt trafikkert vei utan lys eller gangfelt, midt på mørke vinteren, berre fordi det ikkje er busstopp og at det var ei ulykke for ca 40 år sidan som skjedde etter at dei hadde gått av på andre sida av vegen av der det faktisk er busstopp.
Dersom bussjåførane hadde vore litt blidare så hadde eg og hatt eit meir positivt bilete av dei, men å vere i humør er vis noko ukjent. I alle fall når dei omgås elevar.
Dette gjeld ikkje alle sjåførar, men eg håpar dei som kjenner seg igjen i dette kan skjerpe seg for å seie det på den måten.
Halvor Stuhaug, 14 år
Sandeid