Stormøte i Ølen nyleg, der Jürg Westermann orienterte om sine planar om høgfartsbane, og stortingsrepresentant Øyvind Halleraker la fram sin visjon om høgfartsring for Sør-Noreg skapte engasjement. Sistnemnde møtte synleg skepsis til sin visjon.
Og trass i Idar Mo – som lanserte framlegget om jernbane for gods og firefelts veg Drammen – Odda til 23 milliardar kroner – så enda møtet opp med ei sterk oppmoding om å få til ei utbygging av E-134 mellom Haugesund og Drammen. Og det må skje raskt – anna er ei stor skam, vart det sagt. Også store transportbrukarar og transportørar la breisida til ein slik appell.
Men planen om høgfartsbane er truleg likevel ikkje daud. Med ein rekna kostnad på 37 milliardar kroner, vil ein truleg få mykje for pengane.
Ser ein historisk på framstøyt for å få bane og tidhøveleg veg over Haukeli, så var det på siste halvdel av 1800-talet ein politisk jernbanefeber her i landet. England fekk sin første jernbane i 1825 og Noreg kom etter med parsellen Christiania – Eidsvoll i 1854. I åra seinare var det mest snakk om jernbane, noko som løyvingane over statsbudsjettet syner. Tilhøvet 1:10 med ein million til veg og ti millionar til jernbane.
Men vegbygging låg langt bak utviklinga i Europa elles – hundre år vart det påstått. Etter at bilen var eit faktum på vegane i Noreg frå året 1900, syntes forsøminga seg i mange raritetar av den faktiske tilstand – med påbod om berre kjøring visse tider på dagen og i veka for å spara vegane. Mange komiske historier fortel om dette.
I 1874 oppmoda Haugesund bystyre statsmaktene om at ein jernbane over Haukeli måtte bli nærare vurdert. Haukelibanen vil nemleg bli kortaste stambane mellom Vestlandet og Austlandet, vart det sagt. I 1923 gjorde så stortinget vedtak om å byggja ein parsell av jernbane Haugesund – Etne som ein del av bane fram til Odda – Kinsarvik – Eide (Granvin), i tilknyting til arm av jernbane fram til Voss og Bergensbana som var ferdig i 1909. Men dårleg økonomi i åra seinare gjorde at distrikta fråfall kravet om jernbane til fordel for lovnad om veg på same strekkja – den såkalla nordre stamline. Seinare kom heilårsvegen over Haukeli i kring 1970.
I åra seinare har trafikken auka enormt og vegbygging og vedlikehald syner at dette området er sørgjeleg forsømt. Med den storleiken av løyvingar til vegar i landet som hittil, vil Noreg behalda rekorden i Europa om den dårlegaste i klassen av industriland. Og alle lid av denne tilstanden – næringsliv – reiseliv og ikkje minst alle drepne og skada liv i trafikken. Difor hastar det med å få fart i vegbygginga.
Staten bør setja av t.d. 100 milliardar kroner frå oljefondet til eit vegfond. Denne summen renn fort inn att i fondet. I tillegg bør det takast inn i dei årlege budsjetta 20 milliardar kroner. Då vil landet få gjort noko med den elendige tilstanden landet er komen i. Utanlandsk arbeidskraft (fagfolk) kan gjera arbeidet. Med den farten som politikarane legg opp til, vil landet i uoverskodeleg framtid måtte leva med eit vegnett som er ein flaskehals. Landet greier ikkje å halda tritt med utviklinga av trafikken på vegane. Så «hva nøler I efter» politikarar? Er der vilje – kjem der veg.
Dette er den beste gåva våre etterkomarar kan få ved hjelp av oljerikdomen.
Endre Heggen