Høgre ønskjer å byggja ein såkalla høgfartsring som skal gå frå Oslo til Bergen, via Voss, og ned langs kysten til Stavanger og Kristiansand. Dette forslaget bør partiet skrinleggja, og heller gå saman med Norsk Bane om å få realisert det som vil bli billigast og mest lønsamt.
Høgre seier sjølv at dei ikkje trur på lønsemd i sitt prosjekt. Norsk Bane meiner dei skal få overskot, og vil byggje utan statleg støtte bortsett frå ein garanti på delar av lånet som skal til for å få bygd høgfartsbana.
Haukelibanen vil henta kundar både frå Bergen, Haugesund og Stavanger. Kundegrunnlaget stort nok. Og med knappe to timar reisetid frå Bergen eller Haugesund til Oslo, vil eit slikt tog ta mykje passasjerar frå flytrafikken.
I tillegg er det mange mindre stadar langs sporet som vil få gleda av dette toget, blant dei både Ølen og Etne. Toget vil gjera det mogeleg for innbyggjarane i våre kommunar å pendla på ein heilt annan måte enn i dag. Ein kan bu i Etne og jobbe i Oslo dersom ein vil. Dermed vil ikkje berre toget ta passasjerar frå fly, det vil i kraft av seg sjølv også skapa eit grunnlag for fleire reisande.
I tillegg til at ein kjem seg raskt mellom aust og vest, vil også eit hurtigtog vera svært viktig for miljøet. Flytrafikk er eit stort miljøproblem i dag. Med stadig aukande trafikk og fleire avgangar, blir forureininga enda større. Også på det området vil det altså vera ein stor samfunnsgevinst å henta dersom ein vil satsa på høgfartstog.
Men toget må ikkje gå i ein ring, det bør gå rett fram. Difor er Haukelibanen det alternativet ein må gje grønt lys for. Noreg har råd til å stille lånegarantien Norsk Bane ber om. Det er i grunn ingenting å venta på.