I andre etasjen til Haugesund Sparebank sitt lokale i Vikedal sit Kåre Lars Tveit, leiar for Tv-aksjonen i Vindafjord, og delar ut grøne bøsser, ruteplanar, og pins til dei som skal ut å samla inn pengar. På bordet står det kaffi, saft og freistande fat med sjokoladekake. I år er det berre menn som går i Vikedal, med unntak av Anne Berit Skipevåg Tveit som måtte avløysa sin sjuke mann. Grannar slår følgje med Svein Bjarte Holten.
Stengte dørar
I Sommerhaven finn me nokre ungdommar som slappar av.
Dei me snakkar med har berre bankkort, og derfor får dei ein lapp med telefonnummeret til innsamlingsaksjonen.
Ute i gata kjem Tv-aksjon leiaren springande med ein ruteplan til Svein Bjarte Holten, som han gløymde å ta med seg.
— Ja, takk, men eg har alle dei i hovudet, ler Svein Bjarte.
Det er svært få som lukkar opp. Svein Bjarte Holten limar på lappar med telefonnummeret nesten i kvart hus.
— Dei er sikkert på bygdehuset, trur han. Der er det markering av 125-års jubileumet til Vikedal kyrkje.
— Me vert ikkje rike på denne turen, nei, smiler Holten.
Jakob Skeie er ein av tre Svein Bjarte Holten finn heime på ruta si. Han plasserar pengesetelen trygt ned i bøssa.
Gjev til ei god sak
— Kvifor gjev du pengar til Tv-aksjonen?
— Me gjev til ei god sak. I det siste har det vore mykje snakk om dette i media . Me plar å gje pengar til gode føremål, seier Jakob Skeie. Han får støtte av kona si, Berit Skeie.
— Det er spesielt kjekt å gje når det kjem folk på døra. Me gjev aldri pengar til hjelpeorganisasjonar gjennom telefon, fordi det vert på ein måte lite truverdig, seier ho.
Kjell Austrheim lukkar opp. I neven har han ein samanbrett pengelapp, som han puttar ned i bøssa. Han kvir seg ikkje for å hjelpa dei som har det vondt.
— I fjor var me ikkje heime, men me veit at de hengjer lappen på døra, seier han.
Liva Øverland opnar døra med eit stort smil, og det vert tyngre i bøssa til Svein Bjarte. På resten av ruta limar me lappar på dører og inni postkassar – det er nesten ingen som er heime.
— Er det vanleg å treffa så få heime under tv-aksjonen? spør eg Svein Bjarte, som har vore bøsseberar før.
— Det er litt vanskeleg å seia, men eg meiner å hugse det var mange fleire som var heime sist gong eg var med på innsamlinga. Eg trur dei fleste på mi rute er på bygdehuset, meiner han.
Dugnad for ei god sak
I andre etasjen til Haugesund Sparebank sitt lokale i Vikedal sit Kåre Lars Tveit, leiar […]