Gløym Paris og London. I dag er det Bergen som gjeld, skriv Meterologane på Twitter. Tidleg på torsdagen blei det registrert 15,6 varmegradar.
Også Grannar-bygdene har fått merka høgtrykket som har lagt seg over den sørlege delen av landet. Ved den offisielle målestasjonen i Etne blei det kl. 15.00 målt 16,1 varmegradar, medan stasjonen i Nedre Vats hadde 16 gradar.
Seinare på dagen steig temperaturen til 17,5 gradar i Etne og 17,0 Vats. Varmast i landet fredag var Bergen med heile 19,2 gradar.
— Det blir ein varm dag i #SørNorge i dag. Det kan faktisk bli årets hittil varmaste dag! Når vi 20 gradar på Vestlandet? spør yr.no torsdag ettermiddag.
Vêrvarselet for fredag går ut på flott og vårlege temperaturar. Det vil vara både i helga og langt ut i neste veke. Det er mykje sol og ingen nedbør i vente.