Abonnementsvilkår

For abonnentar av Grannar gjeld desse kjøps- og abonnementsvilkåra:

Abonnementet femner om papiravisa, digitalt via datamaskin, mobiltelefon og nettbrett for deg og husstanden din.
Det er viktig å merka seg at den juridiske eigaren av abonnementet er  den som har teikna det. Det tyder at Brukar-ID og passord til Grannar sine digitale produkt ikkje må delast med andre enn dei som er i abonnenten sin eigen husstand, på hans/hennar opphaldsadresse. Standard tilgang er eit avgrensa tal på påloggingar.

Dersom ein deler brukar-ID og/eller passord med andre, eller på andre måtar utnyttar Grannar sine tenester, har avisa straks høve til å stenga abonnenten sin tilgang til desse. Abonnenten vil då mista tilgangsretten til dei produkt og tenester ein måtte ha kjøpt tidlegare.

For å avdekka mogeleg misbruk vil det verta henta ut rapportar frå bruken.

Abonnementet skal betalast på førehand og gjeld til det vert sagt opp. Manglande betaling vert ikkje rekna som oppseiing.
Grannar vil senda abonnementsrekning i god tid før forfall.
Dei som tingar abonnement må vera over 18 år.
Betaling for eitt år om gongen gjev lågast pris per avis.
Alle prisane gjeld levering av avisa i Noreg. Utanfor landegrensene gjeld særskilde vilkår.
Det er viktig å merka seg at papiravisa kan stoggast mellombels – eller omadresserast i ferien, men abonnementet vil gjelda til full pris uansett. Abonnentane har ved mellombels stogg i leveringa av papiravisa likevel tilgang til dei nye plattformene.
Avtalt leveringsstad  må merkast godt slik at avisbodet finn fram. Dersom tilhøva ligg til rette for det, kan avisa etter avtale leverast ein annan stad enn postkassen til abonnenten. Grannar tek i  slike tilfelle atterhald om at leveringsstaden seinare kan bli endra.
Skal avisa koma fram i rett tid og leverast på rett stad, må abonnenten syta for tilstrekkeleg lys og brøyting. Arbeidsmiljølova gjeld òg for avisboda. Omberinga må stoppast dersom tryggleiken ikkje er god nok.
Der Grannar har eigne bod skal avisa vera levert innan kl. 0700. For aviser distribuert gjennom Posten gjeld deira leveringsvilkår.
Det kan henda at uføresette ting kjem til og fører til sein levering. Det kan skuldast  sjukdom, uvêr, kraftig snøfall, produksjonsproblem med vidare. I dag også samanbrot på nettet, internt, så vel som eksternt. Og me ber om forståing for at slike problem i verste fall kan oppstå.
Då kjem også spørsmålet om erstatning opp. Og då er det slik at abonnenten pliktar å melda frå om manglande eller feil levering innan rimeleg tid. Grannar si plikt til erstatning er avgrensa til den perioden det er gjort feil, og prisen på abonnentet i tilsvarande periode, anten det er papirleveranse eller nett. Manglande papiravis vil verta etterlevert innan rimeleg tid.
Frå tid  annan kan det vera trong for å endra adressa. Det kan vera fast eller berre i ferien. Dette kan du gjera på nettet sjølv. Du må då bruka både brukarnamn og passord som også gjeld dei digitale kanalane.
Endringar i adresser må me ha: kl. 1300 på kvardagar.
Studentar kan sjølvsagt abonnera og får eigne tilbod. Desse abonnementa er retta mot studentar som er i  aktivt studie ved høgskular og universitet. Leveringsadressa på studentabonnementet skal vera lik adressa der studenten bur eller oppheld seg i studieperioden. Kopi av gyldig studentbevis og betalt semesteravgift må leggjast fram ved tinging, og deretter kvar haust innan 1. oktober så lenge ein er student.

GRANNAR  tek atterhald om at det kan verta endringar i avisproduktet, og kan i ut frå dette ta vekk, eller koma med nye tilleggsprodukt.
Det vert òg teke atterhald om endringar i vilkåra for abonnement.
ABONNEMENTET kan seiast opp kva tid som helst med minst sju dagars varsel. Oppseiinga skal skje skriftleg.

Opphavsrett
Alt offentleggjort materiale, dvs. tekstar, artiklar, nyhende, fotografi, grafikk og anna, vert gjort tilgjengeleg for vising og lesing. Abonnenten kan lasta ned, og skriva ut ein einskild kopi av materialet til eige bruk. All annan bruk, kopiering, distribusjon eller vidaresal  av innhaldet i Grannar er forbode.
Abonnenten sitt  brukarnamn og passord til Grannar må ikkje delast med andre enn medlemmer av abonnenten sin eigen husstand.  Dersom abonnenten vidareformidlar brukarnavn og/eller passord til tredjepart, eller på anna vis brukar Grannar sine tenester på ulovleg vis, krev Grannar rett til å stenga tilgangen til abonnenten  utan opphald.  Alvorlege  brot på opphavsretten vil verta melde til politiet.