Årets Etnemarknad er spekka med spanande utstillarar, aktivitetar og underholdning!

Ingen marknad utan utstillarar!

Me forventer å få besøk av ca 140 utstillarar til årets marknad. Her finn ein eit stort spekter av ulike produkter, alt i frå kunst- og handverk, landbruksutstillingar, bil- og motor, mat og mykje meire.

Sjå førebels utstillarliste her

Årets gjesteutstillar er Fotograf Espen Mills

Espen Mills i frå Etne er etterkvart blitt ein anerkjent fotograf. Sjå blant anna hans flotte naturfoto i frå hans turar med Hurtigruta i arktiske strøk. I tillegg til foto held Espen foredrag om foto, samt foredrag om ein halsbrekkande tur i frå Noreg til Istanbul, i båt med 9,9hk påhengsmotor.
https://www.etnemarknaden.no/program/gjesteutstillar-espen-mills-4
https://www.etnemarknaden.no/program/fototriks-og-foredrag-ved-fotograf-espen-mills
https://www.etnemarknaden.no/program/reiseforedrag-fra-norge-til-istanbul-med-9-9hk

Anna underhaldning:

Lista på underhaldning er lang, fullt program finn du her, men me vil få trekka fram følgande:

Åpningskonsert med Inger Lise Hope:

Årets The Voice vinnar, Inge Lise Hope med band står for årets åpningskonsert. Gå ikkje glipp av dette enorme vokaltalentet, med den fantastiske stemma. Ho kjem til Etnemarknaden fredag 2.august saman med sitt eminente band.

Les meire her

Kveldsdrøs:

«Kveldsdrøs» såg dagens ljos under Etnemarknaden i 2022. Dette vart ein umiddelbar suksess, og årets utgåve vert den tredje i rekka, og kan vel no kallast ein tradisjon.
Me vert litt betre kjent med lokale personar med ei spanande bagasje. Eit uformelt talkshow med historiar og betraktningar på livet. Alf Østrem er vert. Kinosalen fredag 2.august kl.19.00.
Årets gjester er:

 

Søringen & Samen

Eventyrar Anders Kråkevik frå Sørfjorden, og Samen, Mathis A.Oskal frå Kautokeino, kjent frå Tv-Serien «Søringen og Samen» vert å finna på marknadsområdet alle 3 dagar under årets Etnemarknad. Dei kjem garantert til å visa igjen, og lagar liv og røre på marknadsområdet.
Les meire her

Fest & Baluba på Saloonen – Ingen marknad utan ein kjekk fest på kvelden

Fredag 2.august:

Pubkveld med Trubadur Svein André Olsen.
Sjå https://www.etnemarknaden.no/program/pubkveld-med-trubadur-svein-andre-olsen

 

Laurdag 3.august:

Marknadsdans med Atomic Band
Det er igjen duka for den tradisjonelle «Marknadsdansen». For tredje år på rad er det Atomic Band som står for musikken. I 2023 spelte dei for utsolgt hus på Saloonen, noko som vil sei ca 800 mann innanfor dørene. Me anbefaler å sikre seg billettar først som sist.
Sjå https://www.etnemarknaden.no/program/marknadsdans-med-atomic-band-2

For program for born- og unge, sjå nettsider www.etnemarknaden.no

Billett link til kveldsarr (pubkveld og marknadsdans) her; https://app.checkin.no/event/64311
Billettar dagtid kjøpes i døra, prisar og info her