Det vert ein fantastisk marknad for born- og unge!

Det vert ein fantastisk marknad
for born- og unge!

©2024 Spin Master Ltd. All Rights Reserved

©2024 Spin Master Ltd. All Rights Reserved

Etnemarknaden har eit uttalt mål om å bli den aktøren og det arrangementet på Haugalandet med det beste tilbodet for born- og unge. I så måte er årets program for denne målgruppa endå nokre hakk opp frå i fjor. Me ser at eit godt tilbod trekk svært mange barnefamiliar, som igjen blir lenge på marknadsområdet. Det er rett og slett fordi borna ikkje vil reise heim.

Skakkeringen aktivitetspark

Til årets marknad står det nye aktivitetsområdet utanfor Skakkehallen klart til bruk. Etter hektisk byggeaktivitet gjennom vinteren kan me no sjå fram til å samla det meste av aktivitetar for born- og unge på dette flotte, nye arealet. Forutan alle aktivitetane som vert samla her, finn ein i tillegg masse faste installasjonar for leik og moro, samt ei flott utescene.

Dyretelt
Bilde 1 av 4
motorbike
Bilde 2 av 4
(c)Anders Aa Hagen+47 96743437
Bilde 3 av 4(c)Anders Aa Hagen+47 96743437
©2024 Spin Master Ltd. All Rights Reserved
Bilde 4 av 4©2024 Spin Master Ltd. All Rights Reserved

Så, kva kan born- og unge forvente å oppleve under Etnemarknaden 2. – 4. august?

Me nevner i fleng:

  • Show med illusjonist og tryllekunstnar Alexx Alexxander
  • Paw Patrol, show + møt og hels
  • Åpen Brannstasjon – Aktivitar for born- og unge v/Etne Brann og Redning
  • Flipperspelpark – Prøv eit av våre 7 «Old school» flipperspel
  • Bjørnis kjem – Møt og hels!
  • Lego med Gregor – Tusenvis av legobrikker, konkurransar og utstillingar
  • Stort område med vatnbasseng til rullande vatnsylinder, rulleballar, kjæsjebåtar, samt ein bilbane med kræsejbilar.
  • Strikkhopp utskyting – Nytt av året! Få deg eit skikkelig adrenalinrush!
  • Bare Moro Klovnar, med ansiktsmåling, klovnerier, ballongkunst mm.
  • VR Maskin med virtuell berg- og dalbane
  • Forskarverkstad med slim, såpebobler, tornado i flaske med meire
  • Stort dyretelt ved Etne Bondelag. Kom å sjå eit flott utval dyr.
  • Sjonglørane Benjamin og Mathis med masse kjekke sirkusaktivitetar og show
  • Show med tryllekunstnar og magikar Daniel Larsen
  • Test ein av dei 6 «Old School» flipperspela me har satt opp i hallen.
  • Lassokasting og konkurransar med «Søringen og Samen» kjend i frå tv
  • Fifa playstation – Dropin speling og konkurransar
  • Helikopterturar over Etne, om du tør?

Alle aktivitetane utanom strikkhopp (150,-) og Helikopter (650,-) er inkludert i inngongsbilletten.

Info om aktivitetar, dag og tid finn ein inne på programsider på våre nettsider etnemarknaden.no

Velkommen!