Få deg ei flott matoppleving på Etnemarknaden 2024!

Få deg ei flott matoppleving på Etnemarknaden 2024!

Etnemarknaden er kjent for sitt gode tilbod på matfronten, og kan blant anna skilta med egen gourmet-lunch av svært høg klasse, samt ei rekke matboder og utsal med ulike typar mat. Her er det noko for ein kvar smak, alt i frå tradisjonskost til meire eksotiske rettar.

Nokre av høgdepunkta er:

Etnir Duggurd Gourmetlunch

Laurdag 3.august vil Stjernekokk Erlend Stueland trylla fram ein gourmelunch med lokale råvarer av høg kvalitet. Etnir Duggir er blitt ein av snakkisane under Etnemarknaden, og år etter år har det blitt servert rettar i frå øverste hylle, av kokkar som virkelig veit kva dei held på med.

Årets kokk er Erlend Stueland, kjøkkensjef på den anerkjente «Restaurant Buer» i Odda.

Les deg opp på meny og prisar her

Meny 2024:

Kaldrett:
Ferske Hanasandtomater
Spekeskinke, majones
Hasselnøtter, Karse

Varmrett:
Krema blåskjellsuppe kokt på hardangersider
Grønnsaker i julienne med fersk dill

Braisert storfekjøt, sellerirot
Glace, knust potetchips, persille

Bakt kvit fisk
Eple vinagrette, sylta gulrot
Ertepuré, tørka søl ( tang)
Ertespirer, salta mandler

Potetlompe
Lam/geit kjøtt, reddik spirer
Rømmedressing av Røros rømme og gressløk
Salat, sylta løk

Dessert:
Lokal ost
Chutney
Lokalt Flattbrød

Rømme med melis og sitron
Crumble
Eple
Bringebær pulver

Dessert nr 3 blir kokkens overraskelse

(Me tek atterhald om små endringar i høve til tilgong på råvarer)

Duggir8
Bilde 1 av 7
Duggir6
Bilde 2 av 7
Duggir7
Bilde 3 av 7
Duggir5
Bilde 4 av 7
Duggir4
Bilde 5 av 7
Duggir3
Bilde 6 av 7
Duggir1
Bilde 7 av 7

Steinovnsbakt pizza frå Oluf Lorentzen

Nytt av året er at me stiller med eget telt med steinovnsbakt pizza i frå gass- eller vedfyrte ovnar. Det er dyktige pizzabakarar i frå leverandør Oluf Lorentzen som står for nyvinninga. Dette vert svært spanande.

Grilltelt ved Nortura
Me har og outsourca grillteltet vårt. Så i år er det fagfolk frå Nortura med høg kunnskap bak grillen, noko me håper vil gi deg ei endå betre smaksoppleving. Me veit at mange digger grillmat, så derfor gler me oss til å kunne presentere grillmat på eit endå høgare nivå.

Tradisjonskost på Marknadskafeén ved Kokkelauget Meat&Eat

Middag og dessert i storsalen på Skakke har vore fast inventar på marknaden i alle år. Her kan familien samlast for ein pause, og ein god middag. Her får du tradisjonsrettar som kjøttkaker og laks, samt buffet med svinenakke, viltgryte, thaigryte og paella, og sjølvsagt dessert.

 

Sjå info på her

For dei som ikkje berre likar å spise maten, men og er interessert i å lage den, kan me tilby eit eget foredrag om bruk av ulike stykningsdelar frå vilt.

Foredraget har me kalla «Heilt Vilt», og det er Johan Trygve Solheim frå Norsk Hjortesenter som er foredragsholdar. Foredraget er delt opp i to bolkar, den første tek for seg frampart, og den andre, bakpart.

Sjå info her

og del 2 her