Grannar.no https://grannar.no Lokalavisa for Etne og Vindafjord Thu, 30 Mar 2017 17:00:44 +0000 nn-NO hourly 1 Investerer for 33 mill. https://grannar.no/2017/03/investerer-33-mill/ Thu, 30 Mar 2017 17:00:44 +0000 https://grannar.no/?p=77865 Det nye bemanna bufellesskapet skal erstatte Seljebakken som tidlegare Ølen kommune i si tid bygde.

For dei nye bustadene er utforming og plassering av bygget blitt viktige tema. Det er henta inn synspunkt både frå brukarar, pårørande, Norsk forbund for utviklingshemmede og kommunen si eiga eining for tilrettelagde tenester.

Plasseringa har som utgangspunkt at plasseringa skal styrke handlingsrommet for bebuarane der nærleik til butikk, buss, legesenter fritidsaktivitetar og arbeid er sentrale punkt.

Peikar på Ølen

Tilbakemeldinga var delt mellom ønske om at bustadene blir plasserte i Sandeid, Skjold og Ølen, med fleirtal for sistnemnde. Ølen vart også den endeleg innstillinga får rådmannen.

Saka har vore oppe i både rådet for eldre og funksjonshemma og utval for omsorg og oppvekst (Opom) der lokalisering var det sentrale temaet. Tenesta i kommunen fann ingen argument for Skjold, få for Sandeid og flest for Ølen. Fordelen med Sandeid er at ein kan kome nærmare det nye aktivitetshuset der, og Sandeidtunet som ein kan få samhandling med.

For Ølen blir nærleiken til E134 og offentleg kommunikasjon peika på. Pluss gangavstand til mange tenester og tilbod i Ølen sentrum.

Det blir også lagt vekt på at fleire av dei som bur på Seljebakken, pluss pårørande, i si tid fekk skissert at det var ein plass dei kunne ha bustaden sin livet ut. Flytting kan gi eit tilbakesteg.

Rekruttering av tilsette er også eit moment i denne vurderinga.

Debatt om lokalisering

Eit samrøystes råd for eldre og funksjonshemma bad om at eit nybygg i Skjold blir vurdert nærare som alternativ sidan bygda også ligg ved E134. I det politisk utvalet Opom var det derimot fleirtal for Ølen.

Wenche S. Lilleland (Ap) foreslo at alternative plasseringar i andre bygder må vurderast, og ho peika spesielt på Sandeid. Modolf Haraldseid (H) ville utsetje saka i påvente av ei revidert prioritering av investeringane i kommunal regi.

Ingen av forslaga fekk støtte frå andre parti enn forslagsstillaren.

Det er ein historisk høg investeringsaktivitet i kommunesenteret, og bakgrunnen for å lansere andre bygder handlar også om å fordele investeringane.

Leiaren i Opom, Gustav Fosse (KrF), meiner det er underordna dei faglege råda som er gitt for plassering av det nye bygget.

— Eg legg vekt på det som er sagt frå fagleg hald, og vi har lytta til dei som jobbar der. Eg ser det også naturleg å knyte bufellesskapet til det ein har i Ølen i dag. Både Skjold og Sandeid er vurdert i saka, seier han.

Fosse meiner det ikkje er nødvendig å bruke ekstra tid på å vurdere andre alternativ på ny, og som det er lite sannsynleg vil føre fram.

Bak rådhuset

I Ølen er to tomter vurdert, ei ved Ølen stadion der det tidlegare gartneriet var, og på oppsida av rådhuset. Fosse meiner begge delar er gode alternativ.

Det er behov for 11-12 bustader i det nye bygget. Seljebakken blir vurdert som lite tenleg for dei som bur der i dag, og ønsket for dei nye er at dei blir individuelt tilrettelagde. Pluss at det er behov for ei ny løysing som kan gi betre arbeidstilhøve for dei tilsette.

Bustadene er for personar med behov for heildøgns helse- og omsorgstenester, og Husbanken sine tilskot vil dekke store delar av investeringssummen.

Rådmannen går inn for å byggje bak rådhuset, blant anna fordi ein då kan bruke fire omsorgsbustader som er der i dag, og redusere nybygget tilsvarande.

Utbygginga skal opp til endeleg vedtak i kommunestyret, og rådmannen meiner premissen er at dagens Seljebakken blir bygt om for personar med problem med rus og psykiatri.

]]>
Etterlyser teleslynger https://grannar.no/2017/03/etterlyser-teleslynger/ Thu, 30 Mar 2017 13:28:44 +0000 https://grannar.no/?p=77761 I fjor tok lokallaget HLF Grannelag skriftleg kontakt med både Etne og Vindafjord kommunar for å setja fokus på behovet for hjelpemiddel til høyrselshema og for å få ei oversikt over kommunalt eigde lokale der teleslynge er installert. Men trass i purringar har responsen vore nesten fråverande.

— Me sende eit brevet i desember 2016 med spørsmål om korleis bruk av teleslynge er lagt til rette i dei to kommunane. Frå Vindafjord har me ikkje høyrt eit ord, og i Etne har me fått tilbakemelding berre frå kyrkjekontoret. Men dette gjeld ikkje berre kyrkjene, seier leiaren i lokallaget HLF Grannelag, Victor Carlsen jr. og er både skuffa og sint over kommunane som unnlet å svara.

— Er dette ubevisst ekskludering av høyrselshemma eller forstår dei ikkje problemet dei høyrselshemma har? spør han.

Også tidlegare har lokallaget kontakta kommunane for å få ting betre lagt til rette for dei høyrselshemma. For to år sidan lufta dei ideen om å skipa til ein kulturstafett der mellom anna kommunane, historielag og privatpersonar kunne samarbeida om å dra i gang kulturelle arrangement tilrettelagt dei med nedsett høyrsel. Heller ikkje den gong fekk dei respons frå kommunane.

— Me føreslo å møtast på ulike stader og der kunne me ta med berbar mikrofon, men me høyrde aldri noko, seier Carlsen fortvila.

Mangel på teleslynge fører til at folk set heime.

Victor Calrsen jr., høyrselshemma

Mangelfullt

Både i Etne eller Vindafjord er teleslynge fråverande i dei fleste offentlege bygg og forsamlingslokale. Det gjer kvardagen vanskeleg for høyrselshemma som både får vanskar med å delta på ulike arrangement og besøkja offentlege kontor fordi lydopplevinga blir svekka i lokale utan hjelpemiddel.

Lokallagsleiaren meiner det er kommunen si plikt å syta for at slikt hjelpemiddel er tilgjengeleg. Lokallaget har rundt 190 medlemmer og mange av desse kan difor ikkje nytta seg av dei same tilboda som dei høyrselsfriske kan.

— Mangel på teleslynge fører til at folk set heime. Dei får ikkje med seg det som blir sagt og det blir berre støy utan slynge. Det verkar ekskluderande. Særs viktig er det med teleslynge til dømes på offentlege kontor og i kommunestyresalen, seier Carlsen.

 Skal skiltast

Oversikten sendt til lokallaget frå kyrkjekontoret i Etne viser at teleslynge berre er installert i Fjæra kapell og Etne kyrkje.

— Me har ikkje fått svar på om teleslyngene i dei to kyrkjene fungerer, og dessutan har dei ikkje fått med seg at det er teleslynge i Skånevik kyrkje. Den fekk kyrkja i gåve frå Lions klubben, fortel Carlsen.

Stader der teleslynge er tilgjengeleg skal merkast med skilt. Skånevik kyrkje har slynge, men manglar skilt.

— Skilt skal visa om det er installert slynge i rommet. Nye høyreapparat stiller seg inn automatisk, men eldre apparat må ein stille inn sjølv. Då er det greitt å veta om det finst teleslynge i rommet eller ikkje, seier han.

Legg seg flat

Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) i Vindafjord kommune kjenner ikkje til brevet frå lokallaget, men er glad for at dei tek opp saka. Han lovar å sjå nærare på bruk av teleslynge i kommunen.

— Lokallaget skal ha skryt for at dei tek tak, og eg beklagar at me ikkje har svart. Teleslynge bør absolutt vera tilgjengeleg for dei som treng det og dette er noko me må sjå på. Me ynskjer ikkje at folk skal bli isolerte på grunn av dette, seier han.

Fleire får nedsett hørsel

I dag reknar ein med at over 700.000 personar er høyrselshemma. Talet er stigande og stadig fleire unge vert råka. Organisasjonen Hørselshemmedes Landsforbund (HLF), som i dag har rundt 63.000 medlemmer, kartlegg tilgangen på teleslynge.

— Det står dårleg til i Norge sjølv om det burde vore naturleg med teleslynge i lokale der folk ferdast, som på kino, offentlege stader og liknande. Alle nybygg skal eigentleg ha slikt utstyr, men det blir ikkje følgt opp. Fleire lokale lag jobbar med å få slikt utstyr på plass, seier organisasjonsrådgjevar Jorunn Fredheim i HLF til Grannar.

Ho minner om at kravet om universell utforming, der målet er at så mange som mogeleg kan delta i samfunnet uavhengig av funksjonsevne, også gjeld for høyrselshemma.

 

 

 

]]>
Tre fartsbøter https://grannar.no/2017/03/tre-fartsboter/ Thu, 30 Mar 2017 11:55:38 +0000 https://grannar.no/?p=77957 Tre førelegg var resultatet då UP på dagtid torsdag hadde ein fartskontroll i Åkrafjordtunnelen på E1234. Det er 80-sone på staden og høgaste fart blei målt til 113 km/t.

]]>
Kan bli prisrekord https://grannar.no/2017/03/kan-bli-prisrekord/ Wed, 29 Mar 2017 22:01:33 +0000 https://grannar.no/?p=77627 Mjølkekvote, fjellbeite og jaktrett blir med på kjøpet når den rundt 1.300 dekar store eigedommen går under hammaren denne våren. Garden var lenge eigd av Hordaland fylkeskommune som ein del av den offentlege jordbruksskulen. I 1993 blei mesteparten av eigedomen overført til Stiftelsen Vestnorsk Senter For Bygdeutvikling (VSBU), som nå er seljar.

Styreleiar Leif Grindheim i stiftinga seier at dei har konkludert med at sal er det beste med tanke på å få utnytta ressursane på garden best mogeleg.

— Sjølv om me har gjort ein del arbeid med eigedommen, blant anna med å pussa opp bustaden, er det behov for meir investeringar framover, og vår konklusjon er at potensialet blir best ivaretatt med nye eigarar, fastslår Grindheim.

Har rydda opp

Tesdal-garden er ein av dei største jordbrukseigedomene på Haugalandet, og blant dei med mest dyrka mark i heile Hordaland. Etter at planane om eit senter for bygdeutvikling basert på økologisk drift mislukkast, blei garden forpakta bort. Dette blei ein konfliktfylt periode som resulterte i at avtalen blei sagt opp. Dei siste åra har deler av jorda blitt leigd ut.

— Totalt blir det brukt vel 1,1 millionar kroner på å gjera våningshuset i stand, inkludert ein del ande tiltak for å gjera garden klar for sal. I løpet av april vil me vera i hamn med dette, slik at eigedommen kan leggast ut i marknaden i mai, seier Grindheim.

Styret har det siste året jobba med ein del krav som har vore hefta på garden, spesielt stengingsvedtak frå Arbeidstilsynet og Mattilsynet. Desse er nå oppheva. I tillegg er det jobba opp mot Landbruksdirektoratet for å få mjølkekvoten på vel 157.000 liter intakt igjen etter stans i produksjonen.

Eigedomsmeklar Vidar Opheim.

Det er seljars marknad dor denne type eigedom
eigedomsmeklar Vidar Opheim

Spent på pris

Meklar Vidar Opheim i Eiendsomsmegler A i Haugesund har fått jobben med å selja Tesdal-garden. Han har nyleg selt to større gardar i Etne kommune og kjenner marknaden godt.

— Eg er sjølv spent på kva summen kjem opp i. For å få eit best mogeleg grunnlag har me denne gongen bestilt to takstar før eigedommen blir lagt ut, seier Opheim som handterte salet av dei to gardane på Flåte og Rame, båe ved Stordalsvatnet.

Det dyraste landbruksalet i Etne den siste tida var eit bruk på Rame ved Stordalsvatnet som i vinter gjekk for 7,9 millionar kroner. Inkludert dyr og reiskap kom summen på 10,4 millionar. Ein gard på Flåte, også ved Stordalsvatnet, blei i fjor seld for 6,8 millionar.

Stor interesse

Eigedommen på Tesdal er på rundt 1.300 dekar. Av dette er 225 mål fulldyrka innmark, 19 mål overflatedyrka og 280 mål innmarksbeite. Garden med stor driftsbygning og mjølkekvote, har også rettar i fjellet gjennom sameige og hytte på Auastadstølen, samt jakt- og fiskrettar.

— Det er seljars marknad for denne type eigedom, konstaterer meklaren.

Opheim fortel at det til saman meldte seg over hundre interessentar ved salet av dei to nemnde ved Stordalsvatnet. I tillegg til lokale folk, var det interesse frå Nordhordland, Jæren, Telemark og Austlandet.

— Det spesielle ved Tesdal er at det er ein gard med svært mykje dyrka mark. Eg trur denne vil vera interessant for unge som ynskjer seg inn i jordbruket. Sjølv om prisen kan bli høg, er det mogeleg å få støtte frå Innovasjon Norge samt ein god avtale med banken for å finansiera kjøpet. Du investerer i din eigen arbeidsplass og for rett person er det muligheit for å skaffa gode inntekter, seier meklaren som lenge før annonsering er blitt kontakta av potensielle kjøparar.

Stiftinga består

VSBU-leiaren ynskjer ikkje å spekulera i kva som er forventa å få for eigedommen, men reknar med å sitja igjen med ein god sum etter at gjelda på tre millionar kroner frå oppussing og andre investeringar, er nedbetalt.

— Det er ingen planar om å legga ned stiftinga. Den vil bestå med sine føremål og vedtekter. Korleis gjenståande midlar skal disponerast framover, vil me koma attende til, seier Leif Grindheim som også er blitt kontakta av fleire interesserte kjøparar.

Den delen av eigedommen som er skilt ut og som i dag blir brukt av Etne vgs, inngår ikkje i handelen.

 

]]>
Stipend til Maria Toresen https://grannar.no/2017/03/stipend-til-maria-toresen/ Wed, 29 Mar 2017 17:00:35 +0000 https://grannar.no/?p=77877 Juryen beståande av fire av dei fremste visekjennarane i Noreg, har gått nøye til verks for å vurdera, sila, og rangera over 100 søkjarar til stipendet. Dei landa på fire finalistar og blei ståande att med stavangerbaserte Maria Toresen. Utdelinga skjedde i samband med opninga avRockheim-utstillinga «Ei vise er så mangt» som tar eit etterlengta djupdykk i visehistoria.

Toresen er ikkje eit ubeskrive blad, ho debuterte som solo-artist i 2015 med den kritikarroste «Birds don´t tell». Ho har bytta ut engelsk med norsk og har erfart å få betre fram det ho vil formidla. Stipendet dekkjer kostnadene til ei innspeling, og det er lagt opp til ein brei norgesturne for den prisvinnande artisten. Åleine med gitar vil Toresen kunna spela kor som helst kor det finst publikum.

Norsk Viseforum organiserer viseklubbar som både held eigne konsertar og arrangerer konserter med andre. Dagleg leiar Audun Reithaug stod for prisutdelinga onsdag kveld.

— Me ønskjer å skapa fleire muligheiter for at visesongarar som har noko å melda skal få komme seg ut å spela. Me vil løfta fram det akustiske konsertkonseptet med intime møte mellom artist og publikum. Gjennom å senka terskelen for å vera ein konsertarrangør vil me med stipend-turnéen styrka sjangeren sitt økosystem – arrangør, publikum og artist. Når me skaper arrangørar stimulerer me alle som driv med visekunst i Noreg. Og alt ein treng som arrangør er litt pågangsmot, gjestfriheit og ønske om å skapa store opplevingar, for seg sjølv, andre og artisten, seier Reithaug i ei pressemelding.

Viseforum

Norsk Viseforum organiserer visekunstnarar, viseklubbar og konsertarrangørar i landet.

Rævspark er eit stipend på 30.000 kroner. Det skal gi ein lovande visesongar muligheita til å spela inn ein EP og dra på turné for Østnorsk- og Nordnorsk Viseforum, som har gått saman om å finansiera stipendet. Det var over 100 søkarar frå heile landet.

Juryen besto av visesongarane Jørn Simen Øverli, Ellen Sofie Hovland, tekstforfattaren Ingvar Hovland og produsenten/bassisten Trond Viggo Solås.

]]>
Vellukka ungdomsprosjekt https://grannar.no/2017/03/vellukka-ungdomsprosjekt/ Wed, 29 Mar 2017 12:00:33 +0000 https://grannar.no/?p=77487 — Me har mellom anna lært at me må seia nei og stå for eigne meiningar, og at me må passa på kvarandre. Me har lært at me ikkje skal bry oss om drikkepress og kroppspress og at me skal tenkja på kva me legg ut på nettet, seier dei to åttandeklassingane ved Skjold skule, Ingebjørg Haraldseid og Nicolai Skjold.

Dei har delteke på eit prosjekt i regi av SLT-koordinatoren i Etne og Vindafjord og skulane i dei to kommunane, og er begge meiner at prosjektet har vore svært nyttig og lærerikt.

— Me har jobba to veker med prosjektet på skulen der me har svart på spørsmål om rus, psykisk helse og nettvett. Og i kveld avslutta me prosjektet med skodespel, seier dei.

Ved Skjold skule deltok 8. klasse i prosjektet og på den siste og avsluttande delen var klassen delt inn i grupper der kvar gruppe framførte sitt arbeid for foreldre og lærerar. Elev Ingebjørg Haraldseid har vore leiar for ei av gruppene og saman med medelevane i si gruppe presenterte ho eit skodespel om kvardagslivet i ein liten familie der mor og far var rusa på alkohol og kva konsekvensar det får for born som veks opp i slike miljø. Skodespelet hadde elevane sjølv sett saman.

— Me skreiv heile skodespelet sjølv, seier ho stolt.

Andre grupper valde andre måtar å presentera sitt arbeid på og framsyning av eigenprodusert film var populært.

Men det er eit stort press på å få gode karakterar og korleis me skal sjå ut.
Ingebjørg Haraldseid, elev Skjold skule

Førebygging

Prosjektet som har fått namnet «Ung i Etne og Vindafjord» involverer både elevar og foreldre. Gjennom arbeid på skulen har elevane sett fokus på aktuelle tema innan rus, nettbruk og psykisk helse, medan foreldre har fått informasjon via tre foreldremøte. I Etne deltok elevar i 7. klasse og i Vindafjord 8. klasse. Kvar skule jobba uavhengig av kvarandre og som avslutning samlast både elevar og foreldre til gjennomgang og presentasjon av arbeida til elevane på kvar sin skule. Ein halvtimes diskusjon mellom elevar og foreldre på tampen av møtet i Skjold tok føre seg mellom anna kor lang tid ein ungdom brukar på nett, kva ein gjer dersom ein finn venen sin rusa og kva som må til for å motstå press utanfrå.

Opplever press

Sjølv om elevane ved Skjold skule ennå ikkje har opplevd særleg press når det gjeld rus og rusmidlar, har dei opplevd press på andre område.

— Me opplever ikkje drikkepress ennå. Det er ikkje aktuelt i vår klasse, men det finst. Men det er eit stort press på å få gode karakterar og korleis me skal sjå ut. Men nå har me lært at me ikkje skal bry oss, seier Ingebjørg Haraldseid og trur det er lettare å stå imot press av ulikt slag dersom fleire står samen.

Gode resultat

Prosjektet Ung i Vindafjord og Etne vart starta opp i 2014. Den gong heitte det Unge og rus og tok i hovudsak føre seg rus og rusførebygging. Programmet er seinare vidareutvikla og omfattar nå også nett og psykisk helse. Ei ungdomsundersøking presentert av UngData viser at resultata på alle desse tre områda går i rett retning.

1 2012 vart ungdomsskuleelevar over heile landet spurde om dei hadde drukke seg ruspåverka. I Etne svara 13 prosent ja og i Vindafjord 14 prosent. Tre år etter hadde tala gått ned og viser 8 prosent for Etne og 5 prosent for Vindafjord. I 2015 hadde alle klassane på ungdomsskulen i Vindafjord og alle utanom 10. trinn i Etne gjennomført prosjektet.

— Dette er ei flott utvikling. Målet med prosjektet er å førebyggja og me ser mellom anna at dei debuterer seinare med alkohol både i Etne og Vindafjord, seier SLT-koordinator Liv Ellen Ebne og er viss på at prosjektet har hatt positiv effekt.

 

 

 

]]>
Brudgom jakta tips https://grannar.no/2017/03/brudgom-jakta-tips/ Tue, 28 Mar 2017 22:05:46 +0000 https://grannar.no/?p=77561 Det er mindre enn to månader til Marius Vaka Lothe skal til alters i Gjerde kyrkje i Etne for å gifte seg med Anne Synnøve Jacobsen. Ho var bortreist på skirenn i Hemsedal på laurdag og sambuaren var utstyrt med ipad for å dokumentere gode tips.

— Eg måtte ta meg av det og prøver å ta bilde av noko som kan inspirere, seier ein lattermild Lothe.

Han fekk litt ekstra merksemd i ei heller kvinnedominert forsamling.

— Eg synest det er eit bra arrangement, spesielt sidan vi skal gifte oss snart, seier han.

Stor breidde lokalt

Det er ei kommersiell messe der målet er å vise breidda i det i det bedrifter lokalt har å tilby for den store dagen. Initiativtakarar er lokale bedrifter i Etne pluss Skakkesenteret. Med heile 27 utstillarar viser det at lokale aktørar kan gi kortreiste tilbod over heile fjøla. Unntaket er brudekjolane som kom frå ein leverandør i Sandnes.

Alle vart grundig presenterte av modellkjendis Kathrine Sørland som la inn ei vri for alle i presentasjonen.

— Det er berre å putte på ein femøring, så snakkar eg, sa ho.

Blant initiativtakarane er Christine Rosseland, dagleg leiar i Tilbords i Etne, og ho var tilfreds med oppslutninga då dei var godt i gang og skulle starte visninga av brudekjolar og festklede.

Nysgjerrige spørsmål

— Vi er godt nøgde og det er også ein del som snart skal gifte seg som er her. Mange er nysgjerrige, seier Rosseland.

Eit vanleg spørsmål til butikkar er kva nivå det er vanleg å leggje seg på når det gjeld ønske og gåvelister, først og fremst prisnivået. Og det fekk dei svar på.

At det er breidde i tilfanget kan bryllaupsfotografar vere eit eksempel på, fire aktørar frå Etne og Vindafjord deltok på messa. Og det mangla stort sett ingenting frå å kle opp, frisere og manikyr, til mat og alt som skal på bordet av blomster, dekorasjonar og dekketøy, inkludert handlaga lys frå Litledalen Lys.

Sus med brur

— Nei, eg skal ikkje gifte meg, eg er gjestemodell, understrekar Kristina Monsen med krøllrullar i håret.

— Men forhåpentlegvis ein gong, legg ho til før Renate Ramsvik i Diamanten Frisør danderer vidare.

— Det er ikkje berre frisyre for bruda, den kan vere både for brud og gjest, forklarer Ramsvik.

Deretter var det klart for mannlege og kvinnelege modellar for å vise den dagsaktuell festkolleksjonen, og det første suset gjennom forsamlinga melde seg då Kathrine Sørland kom i brudekjole.

Med på kjøpet var også muserande drikke, ein liten matbit og ei diger bryllaupskake i den tre timar lange seansen på Skakkesenteret.

]]>
Inviterer til folkefest https://grannar.no/2017/03/inviterer-til-folkefest/ Tue, 28 Mar 2017 16:00:11 +0000 https://grannar.no/?p=77391 Den gamle postvegen mellom dei to bygdene på kvar side av Fikse, er gjenopna gjennom eit samarbeid som har involvert fleire partar, spesielt turlaga i Etne og Vindafjord. Den nye vegen er blitt ein suksess lenge før formell opning, og nå skal anlegget feirast med eit stort arrangement laurdag 29. april.

— Me håpar og trur at mange vil bli med på opplegget, enten på stafetten eller å rusla i eige tempo, eller i løpskonkurransen. Dette er eit flott anlegg som me vil ha blest om, og tanken er at Over Fikse skal bli eit årleg arrangement, seier Torleif Heggebø i arrangørkomiteen.

Gamal ferdselsåre

Den nesten 200 år gamle post- og ferdavegen mellom Ølen og Etne har lege meir eller mindre ubrukt sidan dagens veg over Fikse, E134, blei opna i 1936. Det har lenge vore planlagt å ta gamlevegen i bruk igjen, men først i fjor blei det gjort alvor av snakket.

I haust og vinter har prosjektet med midlar frå offentlege og privat bidragsytarar, totalt 2,5 millionar kroner, bitt gjennomført og ein tolv kilometer turveg mellom dei to kommunesentra står nå klar til bruk. Den er laga både for å gå, trilla og sykla.

— Det er all grunn til å takka grunneigarane som har vore svært velvillige til å knyta saman vegen, blant anna Torgeir Eidhammer som eig eit parti der me måtte gå utanom den opphavlege traseen, seier Heggebø som representerer Vindafjord turlag i denne samanhengen.

Frå Ølen til Etne

Bak Over Fikse står Etne turlag, Vindafjord turlag, Etne IL og Ølen IL. Arrangementet er tredelt med Grannarmarsjen som start, og deretter løp med éin klasse for menn og for kvinner, etterfylgd av ein stafett delt inn i ti etappar.

Det er start i Ølen og målgang på Etne stadion. Arrangøren legg opp til ein logistikk med buss mellom Ølen og Etne for å unngå mest mogeleg privat køyring.

trur eg at dette arrangementet vil føra til at endå fleire får auga opp for denne flotte turvegen
Torleif Heggebø, Vindafjord turlag

— Me har målt løypa nøyaktig til 12,3 kilometer. Tanken er at turgåarane som alt er på veg over Fikse, skal vera publikum og heia fram dei som deltar i stafetten og løpet, seier Torleif Heggebø.

Samlande

Det er ikkje kvar dag at etnebuen og ølensbuen går saman om arrangement, men heile turvegen er blitt eit samlande prosjekt mellom dei to bygdene i kvar sin kommune og fylke. Stafetten er tenkt gjennomført med eit uhøgtidleg preg og det er alt gått ut førespurnader til ei rekkje bedrifter og etatar om å stilla lag.

Kortaste etappe er på 850 meter og den lengste ca. halvanna kilometer. Dersom eit lag ikkje kan stilla ti løparar, er det ingen ting i vegen for at ein deltakar kan ta to etappar.

— Me har alt fått fleire tilbakemeldingar på lag som vil delta, og trur me skal få til ein bra stafett. Sjølv om dette skal vera moro, trur eg at enkelte lag vil ta det som ein konkurranse, seier primus motor Torleif Heggebø som håpar at heile arrangementet vil samla fleire hundre deltakarar.

Vil ha folk ut

Ølensbuen som nettopp er blitt pensjonist etter mange års jobb for Omega og Medvind24, er sjølv ein aktiv brukar av den nyrestaurerte postvegen mellom Ølen og Etne. Han registrer at bruken alt er stor.

— Og så trur eg at dette arrangementet vil føra til at endå fleire får auga opp for denne flotte turvegen som opnar ei aldri så lita ny verd. Me vil med dette både markera opninga, men også få folk ut. Dette er ein veg som alle kan ha glede av, både om dei vil trimma eller rett og slett berre rusla, sluttar Torleif Heggebø.

]]>
Kranglar om sluttrekning https://grannar.no/2017/03/kranglar-om-sluttrekning/ Tue, 28 Mar 2017 13:31:09 +0000 https://grannar.no/?p=77704 Ifylgje Teknisk Ukeblad er det planlagt ein maratonrunde i Stavanger tingrett om oppgjeret etter ombygginga av bustadriggen Safe Scandinavia ved verftet i Ølensvåg. Jobben skulle kosta éin milliard kroner, men enda på 2,4 milliardar.

Eigaren, Prosafe og verftet har i over eitt år krangla om sluttrekninga.

Teknisk Ukeblad skriv at eigaren så langt har betalt 2,1 milliardar kroner til Westcon, men at verftet i Vindafjord forlangar ytterlegare 306 millionar for ombygginga.

Dersom partane ikkje blir samde, blir det rettssak i Stavanger tingrett over åtte veker med start 21. august.

Då Westcon vann ombyggingskontrakten blei det antyda at verdien var på om lag 600 millionar kroner. Porsafe stadfestar nå overfor tu.no at estimert verdi var på 1.076 millionar, at endeleg kostnad blei 2.428 millionar og at 2.122 millionar er utbetalt. Utover dette ynskjer ikkje riggeigar å kommentera saka.

Westcon vil ikkje kommentera striden over for Teknisk Ukeblad og viser til at saka er beramma for ein domstol.

Ombygginga av Prosafe Scandinavia er ein av Westcon sine aller største kontraktar. Riggen kom til verftet i Ølensvåg i mars 2015 og skulle etter planen vera klar for nye oppdrag om hausten. Første rundt eitt år etter at det ombygde flotellet kom til verftet kunne det segla ut Ølsfjorden.

]]>
Ulovleg dumping https://grannar.no/2017/03/ulovleg-dumping/ Tue, 28 Mar 2017 13:00:08 +0000 https://grannar.no/?p=77447 Både Audny Aasheim og naboane på Norheim i Etne er frustrerte over at folk dumpar søppel på eigedomane deira. På berre nokre få hundre meter er det tre stader lang E134 der det med jamne mellomrom er folk som stansar bilen for å dumpa alt mogleg. Men for ikkje lenge sidan fekk Aasheim tips frå naboen om at no var det verkeleg blitt ille, og då sjekka ho dette nærare.

— Eg ser ikkje denne dumpingplassen frå huset mitt, eller frå vegen. Då eg kom fram fekk eg sjokk. Det såg ikkje ut! Det låg ein heil haug med søppelsekker der, og dei fleste var fylt med brukt kattesand og katteskit. Du kan trygt seia det lukta vondt, seier Aasheim og legg til at ho blir både rasande og trist når folk forsøplar på denne måten.

då eg kom fram fekk eg sjokk, du kan trygt seia det lukta vondt
Audny Aasheim

Det er ikkje berre kattesand og skit som blir kasta, det er også anna søppel. Til dømes er det ikkje lenge sidan naboen fann eit heilt stovebord som var kasta på eigedomen sin.

Aasheim synest det er så trasig at dette er gjort av folk som veit det er gale.

— Alle veit at ein skal ikkje kasta plast i naturen. Og alle veit for så vidt også at når ein skal kvitta seg med eit stovebord, så er det ikkje i grøftekanten ein dumpar det, seier ho oppgitt.

Aasheim har vore i kontakt med både politi og kommunen, og vurderer no å melda forholdet til politiet.

Ikkje kapasitet

Erik Kvalheim er rådgjevar i Etne kommune, og han opplyser at kommunen har ansvar for miljøtilsyn i kommunen, men apparat til å rydda fysisk opp slike forhold har dei ikkje.

Kommunen har ei drift- og vedlikehaldsavdeling, men dei har normalt diverre ikkje kapasitet til å køyre søppelet bort. Vi har tidvis liknande saker, der vi ikkje klarar å få tak i dei skuldige eller bevise skuld, slik at vi kan pålegge rydding, seier Kvalheim og legg til at han har tilrådd Aasheim å melda saka til politiet.

Verken naboar eller kommunen veit sikkert kven syndarane er.

Sidan det er så store mengder med kattesand som er dumpa, trur dei at syndarane er folk som har mange kattar. Kattesand skal i restavfallsdunken, og brukar ein mykje sand, blir det fort fullt i dunken. Det er likevel ikkje lov å kaste avfall i naturen, då må ein kontakte andre lovlege mottak. Plastposane er også svært forureinande og skjemmande.

Vi ser svært alvorleg på dette, og slike grove saker av gjentagande karakter bør meldast til politiet. Vi samarbeidar med politiet i liknande saker og har gode røynsler med det. I tillegg viser folk litt meir respekt når politiet er i bildet, seier han.

]]>