Journalist
Grannar treng ny medarbeidar i redaksjonen og søkjer etter journalist
Stillinga er 100 % fast og inngår i turnus med arbeidstid kvar fjerde helg.
To kommunar, to fylkeskommunar, eit rikt næringsliv med ei rekkje
milliardkonsern, aktivt landbruk, allsidig idrettsmiljø med fleire nasjonale
profilar, breitt organisasjons- og kulturliv, og unike natur og fjellområde med bl.a. nasjonalpark og lakseelver – ventar den som jobbar i redaksjonen.
Søkjarar må ha genuin interesse for nyhendejournalistikk, vera idérik
og ha evne til å jobba raskt og sjølvstendig både for nett- og papiravis.
Me vil legga vekt på erfaring frå journalistikk eller annan relevant
utdanning, og god samfunnsinnsikt, men er også opne for andre søkjarar.
Sikker språkføring på nynorsk er viktig.
Søkjarar må ha førarkort og disponera bil.
Me lover eit godt og triveleg arbeidsmiljø og spennande oppgåver.
Nærare opplysningar om stillinga får du hos
konstituert redaktør Jon Edvardsen, tlf. 932 55 990, eller hos
klubbleiar Grethe Hopland Ravn, tlf. 454 27 751.
Søknad sender du til jon.edvardsen@grannar.no
Søknadsfrist: 22. desember 2022