Er det kjekt å feira bursdag?
– Ja, eg synest det er veldig kjekt å feira bursdag. Då får me pakkar, og så får me vera i lag med folk me likar. Då kan me kosa oss skikkeleg, altså.
Ingrid Linnea Helgevold Bang
– Veldig kjekt! Då får me mange fine pakkar, og så kan me bli venner med folk me ikkje kjenner så godt frå før. Det er mange som vil bli kjent med deg på bursdagen din, og det er veldig kjekt
Olene Larsen
– Veldig gøy! Då får me alltid veldig mange kjekke pakkar, og det beste eg har fått er rulleskøyter. Det var supert. Så likar eg pølser og sjokoladekake på denne dagen også.
Iselin Stava Helgevold
– Ja, den dagen er kjekk, for då får me fine gåver. Det beste eg veit er Lego Ninjago. Eg ønskjer meg Lego til både bursdag og jul. Det er godt med kake også
Håvard Skjold-Stensland
– Bursdag er veldig kjekt. Då får eg pakkar, og så blir eg alltid vekt på senga av mamma, pappa, Celine og Guro. Det kjekkaste eg får i pakkane, er Lego og traktorar.
Lorens Arianson Stople
– Ja, eg likar bursdag veldig godt. Då får eg gåver og pengar, og eg ønskjer meg veldig ein crossar eller ein firhjuling. I bursdagar likar eg godt ein dessert med frukt og krem, men eg hugsar ikkje namnet på den.
Heine Stakkestad