Har du ein kosebamse du er ekstra glad i?
– Ja, eg har ein «kosebamse» som heiter Kåre. Det er faktisk ein ekte kattunge som er heilt levande, og han får sova med meg om natta.
Liva Lilleskog Eikeland
– Eg har ein kosebamse som heiter «Keppchup» og han kan snakka. Han får alltid lov til å sova i senga mi, men då får han ikkje lov til å snakka.
Sigrid Haraldseid
– Ja, eg har ein kosebamse som heiter Theresa. Det er ein ballerinagris og ho søv med meg kvar einaste natt. Om eg ikkje finn Theresa - får eg ikkje sova. Det er ein liten ballerinagris, altså.
Karoline Lærdal
– Ja, eg har kjempemange bamsar! I senga mi er det fullt. Dei tre eg er mest glad i er ein grøn og svart slange, og så er det hunden som heiter Vovve og bjørnen som heiter Teddy.
Johan Svantesvold
– Eg har mange kosebamsar, men eg er ikkje så veldig opptatt av bamsar. Då likar eg betre dei to levande kattane mine. Dei kan eg kosa med. Men dei må vera ute på natta.
Sander Elias Nilsen
– Eg har ein kosebamse som heiter Gaupe, fordi han er ein gaupe. Den er kjempemjuk og den blir aldri kald. No er eg og Gaupe bestekompisar, og han er alltid med meg. Det var han ikkje før, for då var eg redd han.
Jakob Ohm Hatteland