Kva ønskjer du å utdanna deg til?
– Eg har lyst til å bli pilot. Det høyrest ut til å vera eit kjekt yrke. Då ville eg helst reist i utlandet.
Benjamin Smelvær Thunes
– Eg har lyst til å ta eit år i militæret eller på folkehøgskule før eg utdannar meg. Men når eg skal velja yrke, har eg ønske om å bli politi.
Linnea Hansen
– Eg har ikkje peiling på kva eg vil bli. Det er derfor eg kjem til å velja studiespesialisering, for då kan eg tenkja i tre år
Marie Rørtveit Rødne
– Eg skal overta garden heime i Sandeid, så eg har lyst til å utdanna meg til både snikkar og agronom før eg overtar garden
Ola Vestbø
– Eg har alltid hatt lyst til å jobba med noko innan lovar og reglar, så eg trur eg har lyst til å bli jurist.
Kajsa Eide Seldal
– Eg veit ikkje heilt enno, men eg trur eg kjem til å jobba med noko innan elektro.
Karsten Nikolai Langhelle