Kva synes du er skummelt?
– Eg synest ingenting er skummelt, men hoggorm og cobra er skummelt. Cobra finst i Thailand. Eg såg ein død cobra ein gong.
Robert Anved Hvidsten
– Ingenting er skummelt. Eg er ikkje redd for noko.
Alex Jan Wasczkiewicz
– Når nokon skremmer meg er eg redd. Det er litt skummelt. Og hoggorm er skummelt.
Elisa Oancea
– Eg synest bjørn er skummelt. Og folk som kler seg ut er skummelt. Og det er litt skummelt når det er mørkt.
Karianna Naterstad Våge