Bak f.v.: Tjerand Hansen, Henrik Grindheim Fredriksen, Marius Fedje, Philip Hopland Ravn, Tobias Sævareid Tesdal, Mats-Erik Eldegard Litlehamar, Håkon Alfonso Bongganay Haugland. Midten f.v.: Ingrid Karoline Steine, Julie Hamre, Julie Lysholt, Sunniva Austrheim, Hilde Gutubø, Karoline Straumstein. Framme f.v.: Kristine Selland, Kristina Kambo, Hedvig Hundhammer Vågen, Sebastian Rygg-Sørheim, Gabriel Paz Eskeland. Ikkje til stades: Emilie Martine Espenes Dale. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Bak f.v.: Tjerand Hansen, Henrik Grindheim Fredriksen, Marius Fedje, Philip Hopland Ravn, Tobias Sævareid Tesdal, Mats-Erik Eldegard Litlehamar, Håkon Alfonso Bongganay Haugland. Midten f.v.: Ingrid Karoline Steine, Julie Hamre, Julie Lysholt, Sunniva Austrheim, Hilde Gutubø, Karoline Straumstein. Framme f.v.: Kristine Selland, Kristina Kambo, Hedvig Hundhammer Vågen, Sebastian Rygg-Sørheim, Gabriel Paz Eskeland. Ikkje til stades: Emilie Martine Espenes Dale. Foto: Grethe Hopland Ravn

Klasse 10 A, Enge skule

Kva er viktigast når du skal velja utdanning?

06-20-klassen min-10A-Enge skule-julie

– Det viktigaste for meg er at eg skal trivast med det eg har valt. Eg trur eg kjem til å velja idrettsfag på Ølen vgs til hausten, for eg elskar gym.

Julie Hamre

06-20-klassen min-10A-Enge skule-hedvig

– Trivsel er det viktigaste for meg når eg skal velja utdanning. Eg likar å jobba med menneske, og synest det er spennande med anatomi. Derfor har eg lyst til å gå i Ølen på helsefag til hausten.

Hedvig Hundhammer Vågen

06-20-klassen min-10A-Enge skule-kristina

– For meg er det viktig å trivast, og at eg kan gjera det bra i jobben min. Til hausten kjem eg til å søkja meg inn på studiespesialiserande i Ølen, og målet mitt er å bli dyrlege.

Kristina Kambo

06-20-klassen min-10A-Enge skule-gabriel

– Trivsel er viktigast for meg. Eg har lyst til å bli fiskebiolog, så til hausten søkjer eg meg inn på Lundeneset på studie-linja.

Gabriel Paz Eskeland

06-20-klassen min-10A-Enge skule-mats erik

– Løn er viktigast. Eg har lyst til å arbeida som elektrikar enten i Nordsjøen eller i tunnel, så eg søkjer elektrolinja i Ølen til hausten.

Mats-Erik Eldegard Litlehamar

06-20-klassen min-10A-Enge skule-tobias

– Jobbmoglegheiter og løn er viktigast når eg skal velja yrke. Kva eg skal utdanna meg til veit eg ikkje enno, men eg søkjer meg inn på TIP i Ølen til hausten.

Tobias Sævareid Tesdal