Kva vil du gjera etter vidaregåande skule?
– Har ikkje peiling. Eg anar verkeleg ikkje, så eg må bruka tida på HTG dei neste tre åra til å tenkja meg om.
Emma Bauge
– Eg veit ikkje kva eg vil etter vidargåande, men i framtida så har eg veldig lyst på ein jobb innan Forsvaret, så eg må nok tenkja på ei utdanning innan dette feltet.
Truls Skjold
– Eg har lyst til å jobba som maskinførar eller landbruksmekanikar, så då blir det nok ei utdanning der eg startar med TIP i Ølen eller Haugesund til hausten.
Matias Langeland
– Etter vidaregåande i Ølen har eg lyst til å bli lærling innan TIP- eller elektrofaget.
Jan Erik Vaula
– Eg har lyst til å utdanna meg innan hudpleie eller interiør, men då må eg først gå på design- og handverkslinja eller helse- og oppvekstlinja i Ølen eller på Haugaland vgs.
Elèn Tjoflot Nes
– Eg håpar på HTG til hausten, men etter det veit eg ikkje. Eg er veldig glad i islandshestar, og kunne godt tenkt meg å jobba med islandshestar på ein eller annan måte i framtida.
Vilde Isabell Langhelle