Bak f.v.: Elias Dalaker Miljeteig, Mahmoud Albho, David Berntsen, Håvard Heggø Tveita, Tobias Aarekol, Håvard Berge, Simen Blikra Johansen. Midten f.v.: Thomas Tofte, Christian Eitrheim-Jonas, Andrea Klungland Halbrend, Malena Eskeland Langhelle, Thelma Vestbø Reimers, Thea Steinsland, Stina Marie Lunde. Framme f.v.: Muna Budhathoki, Synne Dyngeland, Silje Matre Holven, Inger Hiksdal Øglænd, Sofie Haugland Rødne, Hyre Dervishaj. Ikkje til stades: Martine Vaka Hovland.
Foto:  Grethe Hopland Ravn
Bak f.v.: Elias Dalaker Miljeteig, Mahmoud Albho, David Berntsen, Håvard Heggø Tveita, Tobias Aarekol, Håvard Berge, Simen Blikra Johansen. Midten f.v.: Thomas Tofte, Christian Eitrheim-Jonas, Andrea Klungland Halbrend, Malena Eskeland Langhelle, Thelma Vestbø Reimers, Thea Steinsland, Stina Marie Lunde. Framme f.v.: Muna Budhathoki, Synne Dyngeland, Silje Matre Holven, Inger Hiksdal Øglænd, Sofie Haugland Rødne, Hyre Dervishaj. Ikkje til stades: Martine Vaka Hovland. Foto: Grethe Hopland Ravn

Klasse 10B, Ølen skule

Kva gjer du om du ikkje har tilgang til WiFi?

15-20-klassen min-ølen-10B-david

– Då spelar eg gitar. Eg er ikkje så god, men har spelt i seks år. Musikken eg likar best å spela er gamal musikk. Helst frå 1980- og 1990 talet.

David Berntsen

15-20-klassen min-ølen-10B-tobias

– Då slappar eg av og tar meg gjerne ein kvil. Elles ville eg vore med kompisar, spelt fotball eller poker.

Tobias Aarekol

15-20-klassen min-ølen-10B-simen

– Då ville eg sove litt, så ville eg ete. Gjerne pizza eller kebab, eller noko i den dur. I grunnen hadde eg klikka utan WiFi, men om det blei over lang tid hadde eg mekka litt på bil og køyrt litt rally. Det likar eg.

Simen Blikra Johansen

15-20-klassen min-ølen-10B-stina

– Hadde eg vore utan WiFi hadde det sikkert vore fordi pappa hadde skrudd den av. Derfor hadde eg funne fram eit av instrumenta i huset, og spelt på det. Då hadde nok pappa sikkert skrudd på wifi-en ganske fort igjen.

Stina Marie Lunde

15-20-klassen min-ølen-10B-thelma

– Hadde sikkert gjort noko kjedeleg som å lesa eller tatt igjen skulearbeidet. Elles hadde eg sikkert vore med venner på fritida.

Thelma Vestbø Reimers

15-20-klassen min-ølen-10B-malena

– Då hadde eg malt noko eller høyrt på musikk. Eg likar også å spela på ukulele. For meg hadde det ikkje vore krise om nettet forsvann

Malena Eskeland Langhelle