Kva er du flink til?
– Eg er ganske flink til å teikna, til å leika, og så er eg ekstra flink til å eta sjokolade. Eg er også flink til å vera med venner.
Ella Haraldsen Åsbø
– Eg er flink til å rydda rommet mitt heilt sjølv. Det er ganske bra, for på rommet mitt har eg minst tusen legoklossar.
Daniel Gordon Grundberg
– Eg er flink til å spela fotball, og eg er flink til å scora mål. Har scora mange mål i mitt liv. Så er eg flink til å baka kake med mamma.
Jonas Fielding
– Eg er flink til å dusja heilt åleine og å vaska håret mitt sjølv. Eg klarar å skru på akkurat passe varmt vatn. Så er eg flink til å rydda, og å reia opp senga mi sjølv.
Aileen Kaewwichit
– Eg er flink til å laga muffins, både av sjokolade og lysebrune. Så er eg flink til å leika i dokkekroken.
Victoria Kvamme-Eikeland
– Eg er flink til å spela fotball og å svømma. Eg er god til å sykla på sykkeltur. Av og til syklar me heilt til Ølensvåg. Det likar eg.
Zaelnoun Yassin Abduljelil