Frå venstre: Inez Eikemo Knudsen, Live Serine Eljervik, Wally Eikemo Knudsen, Agathe Ebbesvik Matre, Emil Mæland, Jaran Larsen Tendal. Ikkje til stades: Heyli Straumsøy. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Frå venstre: Inez Eikemo Knudsen, Live Serine Eljervik, Wally Eikemo Knudsen, Agathe Ebbesvik Matre, Emil Mæland, Jaran Larsen Tendal. Ikkje til stades: Heyli Straumsøy. Foto: Grethe Hopland Ravn

Skånevik skule, 1. klasse

Snart skal politikarane i kommunen bestemma kva dei skal bruka pengane på. Kva synest du er viktig?

Inez Eikemo Knudsen

– Eg synest dei burde brukt pengar på fleire trampoliner på skulen her. Me har ingen! Me burde hatt minst tre stykk.

Ines Eikemo Knudsen

Live Serine Eljervik

– Eg synest også dei som bestemmer skulle kjøpt mange geiter som kunne gått lause i Skånevik. Det er lurt, og så er geitene så gode å kosa med.

Live Serine Eljervik

Wally Eikemo Knudsen

– Skånevik skule burde fått meir pengar sånn at dei kunne kjøpt inn fleire rutsjebanar til oss som går på denne skulen.

Wally Eikemo Knudsen

Agathe Ebbesvik Matre

– Kommunen burde gitt pengar til oss slik at me kunne fått ein iskrem-maskin til skulen vår. Isen skulle vore gratis. Ein klatrevegg hadde også vore bra.

Agathe Ebbesvik Matre

Emil Meland

– Pengar til ein treningspark på skulen hadde vore bra! Den skulle innehalda både hinderløypa, zip-line, vekter og sånn maskin som me kan springa fort på.

Emil Meland

Jaran Larsen Tendal

– Eg synest kommunen skulle brukt pengar på ein nurf-gun-park ute. Då kunne me skyta på kvarandre, men kulene er ikkje harde altså. Dei er veldig mjuke.

Jaran Larsen Tendal