Kva vil du jobba med når du blir vaksen?
– Eg vil bli isseljar og eiga min eigen isbil. Då skal eg selja billig is til barna, og knalldyr is til vaksne. Eg vil vera brannmann i tillegg, for eg treng sikkert litt ekstra lønn.
Maria Esther Viana-Nortveit
– Eg skal bli politi og fanga tjuvar. Eg skal fanga dei aller farlegaste tjuvane, og så skal eg ha ein ekte skytepang. Eg skal også ha mange musklar.
Karol Mateusz Sobieraj
– Eg skal bli doktor som hjelper alle sjuke menneske. Eg vil jobba på eit stort sjukehus, ikkje på vanleg legekontor.
Aria Martina Skrede Frøland
– Eg vil jobba på museum når eg blir vaksen, for der har dei ekte skjelett! Og dei har mange forskjellige skjellett. Det synest eg er spennande.
Erlend Krakk
– Eg vil jobba på Westcon! Der kan eg jobba heile nettene, og så kan eg sova på dagen når eg kjem heim. Eg synest det verkar kjekt å sova når alle skal gå på jobben.
Oline Bådsvik Rødde
– Eg vil bli politi eller så vil eg bli brannmann.Eg likar bilar som har sirener.
Fredrik Gundersen