Fant 934 resultater

Innlegg

Vikebygd står samla i kampen om å behalde barnehagen og skulen

Publisert: 27. feb 22 kl. 11:30 Oppdatert: 25. feb 22 kl. 15:46

I Vikebygd står me samla, på tvers av generasjonar. Alle vil me behalde barnehagen og skulen som er hjarta i bygda. Det er besteforeldre som kjempar ein hard kamp for 3. gang. Dei står i lag med foreldre og born for å bevare det trygge og gode i bygda vår. Det er mange potensielle tilflyttarar […]

Innlegg

— Hei, her er vi !

Publisert: 25. feb 19 kl. 00:26 Oppdatert: 25. feb 19 kl. 08:25

— Vi må ha det litt gøy også. Vi er ikkje ute etter skjoldabuen, men folk kan vite at dei som har hus i Trovåg bur i Vikebygd, seier Solveig Hortman, leiar for grendeutvalet i Vikebygd. Det er berre tre kilometer frå den gamle fylkesgrensa og til Isvik, men ti kilometer den andre vegen til […]

Innlegg

Me vil ha barnehagen vår nær

Publisert: 27. apr 22 kl. 12:45 Oppdatert: 27. apr 22 kl. 12:47

Me ønskjer å behalde barnehagen vår i Vikebygd. Den som er trygg og god, kjent og kjær. Barnehagen ligg i sentrum av Vikebygd. Like nærme for både nord-bygda og sør- bygda. Me må ikkje undervurdere kva avstanden til barnehagen har å seie for barna. Avstand og lang køyretid kan me vaksne, som køyre ut av […]

Innlegg

Kyrkja vil ha Trovåg i Vikebygd ei stund til

Publisert: 31. okt 19 kl. 20:00 Oppdatert: 31. okt 19 kl. 16:08

Går Trovåg til Skjold, blir også soknegrensa med på lasset. Kyrkjeverje Inghart Lasse Tveit påpeikar overfor fellesrådet at det er konsekvent gjennomført i Vindafjord, og at det ikkje er avvik mellom grunnkretsar og sokn. Eit samrøystes fellesråd i Vindafjord meiner grensene ikkje må endrast før prøveordninga med felles sokneråd for Skjold og Vikebygd blir vurdert […]

Innlegg

Storkoste seg på cup

Publisert: 30. apr 22 kl. 16:47 Oppdatert: 30. apr 22 kl. 18:08

— Det var veldig kjekt. I tillegg til kampane fekk eg god pølse, hamburgar og lappar i kiosken, fortel Bjørnevik. G7-laget til Vikebygd, som bestod av seks- og sjuåringar av begge kjønn, fekk seg éin siger og to tap inne i Kjekt i Vik-hallen. God flyt Lag frå Bjoa, Etne, Nedstrand, Skjoldar, Skånevik, Vats 94, Vikebygd, […]

Innlegg

Sommardagar i Vikebygd

Publisert: 28. jun 20 kl. 10:00 Oppdatert: 28. jun 20 kl. 13:18

— Eg skulle eigentleg vore på Kreta no, men det blei Costa del Vikebygd i staden. Eg høyrte det var like varmt i sjøen her som der, smiler Wenche Nesse Gjesdal. Det er tidleg onsdag føremiddag. Sola skin, ein veldig svak bris ligg i lufta og termostaten i bilen viser 26 grader. Nede ved kaien […]

Innlegg

Bygda er klar

Publisert: 9. des 23 kl. 05:00 Oppdatert: 8. des 23 kl. 15:41

— Eg skal gjere alt som trengst for å hjelpe ukrainske flyktningar som kjem til Vikebygd, seier Kateryna Svendsbøe. Ho gifta seg med Bjørnar Svendsbøe i 2018 og har budd i Vikebygd i fem år. Med sine gode norskkunnskapar vil ho bistå eventuelle ukrainarar som kjem med oversetting, så vel som det sosiale. Glad i […]

Innlegg

Finn roen i idylliske Vikebygd

Publisert: 12. jul 22 kl. 17:30 Oppdatert: 13. jul 22 kl. 15:56

Her kan dei nyta livet blant vakker natur eller nytta det rikhaldige tilbodet sommarparadiset i Ålfjorden kan by på sommarstid. Den idylliske bygda Vikebygd er blitt ein populær feriestad som lokkar til seg turistar frå fjern og nær. I båthamna ligg fritidsbåtane på rekkje og rad og på parkeringsplassen ved båthamna står bubilane tett i […]

Innlegg

Farvel Trovågfeltet?

Publisert: 4. feb 20 kl. 08:00 Oppdatert: 3. feb 20 kl. 16:18

Det var trist å høyra intervjuet med Liv Svendsen på radioen at du ikkje lenger trivest i Vikebygd. Intervjuet belyste essensen i grunnlaget for at Trovågfeltet søkjer om overflytting til Skjold. Her har altså mange som har flytta til søre del av Vikebygd og budd der i årevis komme fram til at dei framleis føler […]

Innlegg

Detta blir for dumt!

Publisert: 8. feb 20 kl. 13:00 Oppdatert: 7. feb 20 kl. 15:14

Eg har budd her i Vikebygd sida eg var rundt 3 år, og det er her som er heime. Når ein del av Vikebygd vil ut av Vikebygd føler eg at det er ein del av meg som blir vekke. Eg synest det blir for dumt at me som bur i sentrum skal gi frå […]

Innlegg

Trampeklapp til ungdommen i Vikebygd

Publisert: 13. feb 19 kl. 01:01 Oppdatert: 13. feb 19 kl. 10:52

Vikebygd amatørteater slo til igjen. Denne gongen med berre unge skodespelerar på scenen som presenterte sin lokal og moderne versjon av det kjente eventyret om Askepott. Laurdag ettermiddag var det duka for premiere, og med ein fullsett sal av forventningsfulle bygdefolk på tilskodarplass trødde ungdommane til med ei morosam og fengjande framsyning der dei fekk […]

Innlegg

Populært nytt treningstilbod

Publisert: 21. feb 24 kl. 05:00 Oppdatert: 19. feb 24 kl. 14:43

I det nye treningsrommet i kjellaren på Joker-butikken i Vikebygd står treningsapparata på rekkje og rad. Her kan treningsinteresserte vikebuar og andre som ønskjer å betra forma ta seg ein trimrunde på tredemølla, testa kondisen på spinningsyklane eller ta seg ein runde på romaskina. Og ønskjer ein å trena styrke er vektstativa og treningsbenkane eit […]

Innlegg

Utolmodige på den smale vegen

Publisert: 1. okt 20 kl. 11:30 Oppdatert: 1. okt 20 kl. 11:35

Vingstad er leiar for Vikebygd grendeutval og Gangstø driv transportfirma med 18 vogntog i porteføljen. Han har tatt initiativ overfor grendeutvalet som har spelt ballen over til Vindafjord kommune. Gangstø rettar søkjelyset mot strekninga frå industriområdet til brua ved krysset opp til Bjordal. Vikevegen mellom Isvik og Vikebygd er fylkesveg, og vegeigar Rogaland fylkeskommune har […]

Innlegg

Etterlengta skyss på plass

Publisert: 11. mai 22 kl. 07:00 Oppdatert: 9. mai 22 kl. 10:12

Fredag føremiddag var det vatsbuen sin tur til å få handlebussen på besøk. Den nyoppretta bussruta kjem i tillegg til rutene i Bjoa, Vikebygd og Imsland, og er eit tilbod til alle som enten har vanskeleg for å koma seg til butikken for eige hand, eller ønskjer litt selskap når handlekorga skal fyllast. Den første […]

Innlegg

Klar for ny bygdefest

Publisert: 1. jul 22 kl. 05:00 Oppdatert: 1. jul 22 kl. 09:46

For fjerde året på rad inviterer bygdefolk og hyttefolk til festival i idylliske Vikebygd. I bresjen for festivalen står fire festivalglade damer som i snart eitt år har jobba for å få gjera den populære festivalen mogleg. Dei to siste åra la koronapandemien ein liten dempar på festivalen som går over fire dagar, men i […]

Innlegg

100 årsjubilant i Vikebygd

Publisert: 16. feb 09 kl. 08:23 Oppdatert: 16. feb 09 kl. 08:23

For over hundre år sidan byrja tanken om å få bygd eit bedehus i Vikebygd. […]

Innlegg

Har lansert Vikebygd

Publisert: 29. okt 09 kl. 08:32 Oppdatert: 29. okt 09 kl. 08:32

Jon Edvardsen Han forsikrar bygdefolket i Vikebygd om at han og kommunen vil slåst for […]

Innlegg

Vandra gjennom bygdehistorien

Publisert: 11. jul 20 kl. 06:00 Oppdatert: 13. jul 20 kl. 15:16

— Så flott at de orkar å stilla opp, seier Ingrid Mathilde Sørvåg, når ho ser Kirsten Nesse (87) dukkar opp, saman med venninna, Karla. — Kan skjønne me gidd dette, svarer Nesse, med eit smil om munnen. Turen startar frå Plassabakeriet i Vikebygd og går til Døvika. Nesse vedgår at det blir mindre fjellturar […]

Innlegg

Flyttar frå bygda etter 25 år

Publisert: 23. nov 20 kl. 19:00 Oppdatert: 23. nov 20 kl. 15:30

Eigedommen på industriområdet Dommersens i Vikebygd er til sals, og Dommernes & Larsen stenger uansett døra i januar og flyttar til Karmsund, på fastlandssida av Karmøy. Det er over 25 år sidan selskapet etablerte seg på Dommernes med lokale eigarar, Ståle og Martin Larsen, frå Vikebygd. Der det skjer — Vi skal flytte heile verksemda […]

Innlegg

Landslagssjefen frå Vikebygd

Publisert: 19. mar 23 kl. 05:00 Oppdatert: 19. mar 23 kl. 11:09

Måndag og torsdag kveld var han fotballtrenar for dei unge heime i Vikebygd, der sonen og dottera var blant lagspelarane. Midt i veka arbeidde han frå kontoret i hovudstaden, der han var landslagssjef for fleire hundre medspelarar spreidde rundt i heile landet. På garasjeloftet heime tar Rune Hetland imot oss. Frå arbeidsplassen, med eit innhaldsrikt […]

Innlegg

Trovåg-flytting er utsett på ubestemt tid

Publisert: 4. feb 20 kl. 17:24 Oppdatert: 4. feb 20 kl. 19:55

Eit samrøystes formannskap i Vindafjord usette i ettermiddag å behandle søknaden frå Trovågfeltet velforening om å bli ein del av Skjold og kaste loss frå Vikebygd. Det betyr at Skjold får utvida territorium både i geografi og folketal, og eit tilsvarande tap for Vikebygd. Også komiteane oppvekst og omsorg, og drift, kultur og utvikling, meiner […]

Innlegg

Baslibrua Bjoa-Vikebygd offisielt opna

Publisert: 19. mai 21 kl. 13:00 Oppdatert: 19. mai 21 kl. 15:59

Om lag 80 personar frå bygdene, godt fordelt på kva si side av elva og brua møttes 17. mai til den flotte markeringa i regi av komitéande i Bjoa og i Vikebygd. Det var reine sommarvêret og mange møtte fram i full bunad og fekk oppleve hornmusikk, talar og hyggeleg prat mellom sambygdingar og nabobygdingar. […]

Innlegg

Havvindsatsing i Vikebygd – hvorfor er politikerne så tause?

Publisert: 27. mar 24 kl. 11:00 Oppdatert: 27. mar 24 kl. 16:14

Det var mye god informasjon på bygdamøte i Vikebygd den 21. mars, både fra utbygger og fra foreningen Bevar Ålfjordens Perle. MEN informasjonen fra utbygger var langt fra fullstendig. Det ble flere og flere spørsmål fra salen etter hvert som møtet utviklet seg, noen av spørsmålene intense, følelsesladet og engasjerende. Det ble dessverre mye synsing […]

Innlegg

Handlebuss også neste år

Publisert: 18. des 19 kl. 15:00 Oppdatert: 18. des 19 kl. 13:46

Handlebussane i Vikebygd og Imsland blir vidareført også neste år, og har fått 100.000 kroner av det kommunale prosjektet Vakre Vindafjord. Det var attraktivitetsprosjektet som starta buss i Vikebygd, med utgangspunkt i daglegvarebutikken i Vik som ønskte det. Seinare vart ordninga utvida til butikken i Kvaløy i Imsland. Handlebussen blir vurdert til å vere ein […]

Innlegg

Ny turoppleving mellom Vikebygd og Bjoa

Publisert: 4. jul 21 kl. 11:30 Oppdatert: 4. jul 21 kl. 11:56

— Mengda folk som går tur har allereie auka vanvitig. Det fortel Skartland, som er ein av grunneigarane på turområdet mellom Vikebygd og Bjoa. Den nye brua skapar heilt nye turmoglegheiter for lokale og folk utanfrå. I tillegg til den nye brua er mykje av vegen rusta opp, på Vikebygsida for første gong sidan 1990. […]

Innlegg

Med heimbygda som tema

Publisert: 18. apr 22 kl. 11:30 Oppdatert: 18. apr 22 kl. 10:46

Kvart år i 16 år har Vik skule hatt eit vekslande årleg opplegg rundt tre emne; Vikebygd før og nå, Ålfjorden og Vindafjord kommune. Det endar opp med eit arrangement kalla kulturettermiddag. Med ei slik tre-årig veksling av emne, får alle elevane kvart emne minst to gonger gjennom skuleåra. Det er knapt ein krok av […]

Innlegg

Ser steg i rett retning

Publisert: 9. mai 22 kl. 15:30 Oppdatert: 9. mai 22 kl. 09:59

Han investerte i lausdriftsfjøs i mjølkeproduksjon for fire år sidan på garden i Vikebygd. Jostein Halvorsen meiner 30.000 kroner ekstra for å jamne litt ut mot andre grupper, ikkje er så mykje dersom ein fordeler det på to år. — Tilbodet er eit steg i rett retning og det beste på mange år. Det blir […]

Innlegg

Stemningsfullt i førjulstida

Publisert: 9. des 22 kl. 11:00 Oppdatert: 9. des 22 kl. 11:08

Ei julepynta kyrkje med juletre og vakre dekorasjonar og juleteikningar laga av barn frå bygdas barnehage og småskule, danna ei vakker ramma rundt førjulskonserten i Vikebygd kyrkje. Konserten markerte starten på den vesle miniturneen til Vindafjord-koret KORéVindafjord som har blitt ein tradisjon i førjulstida. Nesten heilt sidan starten for 15 år sidan, med unntak av […]

Innlegg

Dialog og involvering – viktige brikker for nøgde innbyggjarar og positiv befolkningsutvikling

Publisert: 19. jun 23 kl. 23:20 Oppdatert: 19. jun 23 kl. 23:26

7. februar i år blei ei «kjend og kjær» problemstilling på nytt aktualisert. Denne gong for næringsliv, hytte- og bygdefolk i Vikebygd. Litt ut av det blå innkalla Vindafjord Kommune (VK) og Westcon til informasjonsmøte om ei mogleg industriutvikling på Dommersnes i Vikebygd. Møte skulle holdast 16. februar, og responsen vart enorm. Salen på bygdahuset […]

Innlegg

Vald inn i bispedømmerådet

Publisert: 2. okt 23 kl. 05:23 Oppdatert: 2. okt 23 kl. 10:59

Etter 14 år samanhengande i soknerådet i Vikebygd, og deretter i Skjold og Vikebygd då dei vart slått saman, vart ho utfordra til å stilla til val for Stavanger bispedømmeråd under kyrkjevalet nyleg. Ho har i fleire av dei 14 åra vore leiar av soknerådet. Sosionom Tveit er utdanna sosionom med vidareutdanning som familieterapeut. Opprinneleg […]

Innlegg

Torgeir Vea blir ny sokneprest i Skjold, Vats og Vikebygd

Publisert: 11. jul 23 kl. 10:55 Oppdatert: 11. jul 23 kl. 10:55

Om du synest du har sett Torgeir Vea før, kan det godt stemme. Under pandemien var han vikarprest for Skjold, Vats og Vikebygd i tre månadar, og dette gav han ei god erfaring og lyst til å bli her permanent. Så når han er ferdig som sjømannsprest på Tenerife i slutten av november, blir han […]

Innlegg

Utforkjøring i Vikebygd

Publisert: 8. des 09 kl. 19:50 Oppdatert: 1. des 18 kl. 12:25

Politiet fekk i ettermiddag melding om ei utforkjøring ved Skartland i Vikebygd. Ein personbil på […]

Innlegg

Sjå Bilete frå strandloppene i Vikebygd

Publisert: 18. jul 13 kl. 10:48 Oppdatert: 18. jul 13 kl. 10:48

Skrive av Sirianne Vikestad I Vikebygd var det skilta til ‹‹Loppis›› forrige helg. – Detta […]

Innlegg

Trafikkulykke i Vikebygd

Publisert: 17. jul 19 kl. 21:41 Oppdatert: 19. jul 19 kl. 14:11

Naudetatane rykte ut til Vikebygd onsdag kveld. Det blei meldt om trafikkulykke ved bygdehuset like etter kl. 20.40. To bilar utan passasjerar var involvert. Politiet har ikkje meldt om personskade. — Det er mistanke om at føraren som køyrde bilen på hovudvegen hadde høg fart. Samanstøyten med den andre bilen skjedde med ein bil som […]

Innlegg

Båt på hengar stolen frå Vikebygd

Publisert: 7. aug 19 kl. 15:01 Oppdatert: 7. aug 19 kl. 15:03

Ein båt av modellen Herwa 17, grå i farge og med 50 HK påhengsmotor, er meldt stolen frå eit industriområdet på Nagel i Vikebygd. Båten har registreringsnummer ZAJ 383. Nummeret på hengaren er ikkje kjend. — Båten forsvann ein gong i mellom 29. juli og 5. august, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord […]

Innlegg

Politiet etterlyser hundeeigar i Vikebygd

Publisert: 15. aug 19 kl. 08:58 Oppdatert: 15. aug 19 kl. 08:58

Politiet etterlyste ved 6-tida onsdag eigaren til ein boxer-liknande hund som har vore i nærleiken av ei hytte i Krekavegen i Vikebygd i om lag eit døgn. — Eigar har ikkje meldt seg, opplyser lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor like før klokka 9 torsdag. Politiet har ikkje vore på staden sjølv, men […]

Innlegg

Politiet set grå Audi i samanheng med gravferdsinnbrot i Vikebygd

Publisert: 27. sep 23 kl. 06:51 Oppdatert: 27. sep 23 kl. 07:09

–  Me har ganske konkrete opplysningar om to til tre personar i ein grå Audi A4 med tyske skilt, seier politistasjonssjef i Nordhordland, Kjell-Idar Vangberg, til VG. Tre liknande innbrot Det skjedde tre liknande innbrott på kort tid, alle medan dei etterlatne har følgtt sine kjære til grava: Tysdag 19. september: Frekhaug i Alver nord […]

Innlegg

Politiet kontrollerte 22 i Vikebygd

Publisert: 12. des 23 kl. 10:36 Oppdatert: 12. des 23 kl. 10:36

Politiet gjennomførte ein såkalla skulekontroll i Vikebygd ved 08.15-tysdag morgon. Slike kontrollar handlar mellom anna om sikring av barn i bil. — 22 vart kontrollerte. Det førte ikkje til nokon reaksjonar frå politiet, opplyser seksjonsleiar Kari Rørtveit ved Etne og Vindafjord politistasjon.

Innlegg

Vikebygd er aktive i orientering

Publisert: 13. jun 09 kl. 11:30 Oppdatert: 13. jun 09 kl. 11:30

Arrangert i Dalen tirsdag 2. Juni 2009 RESULTATLISTE GRANNARKARUSELL DEL 4 2009 44 deltakarar (43 […]

Innlegg

Fryktar for bygda si framtid

Publisert: 8. jan 24 kl. 05:00 Oppdatert: 10. jan 24 kl. 15:16

Dei er uroa over Vindafjord kommune og Westcon sine planar om å utvikle heile det over 500 mål store industriområdet på Dommersnes med tanke på serieproduksjon til havvindnæringa gjennom selskapet Dommersnes AS/Windafjord Port. Elskar bygdelivet Etter sju år i Bergen og utan nokon tilknyting til bygda kjøpte Edvin Aarak frå Haugesund og Iselin Løvhaugen Tveiten frå Stavanger […]

Innlegg

Vikebygd på 216 sider

Publisert: 21. nov 18 kl. 12:00 Oppdatert: 6. des 18 kl. 08:48

Gav ut bildebok om heimbygda.

Innlegg

Sveva over badeplassen

Publisert: 29. jul 21 kl. 12:42 Oppdatert: 29. jul 21 kl. 14:25

Søndag var det mykje aktivitet ved det nye stupetårnet i Vikebygd som blei innvigd denne helga. Jonas Maurangsnes (8) frå Vikebygd var blant dei tøffaste som hoppa frå det øvste nivået. Her er det fem-seks meter ned, avhengig av flo og fjære. — Det er første gongen eg hoppar så høgt, fortel 8-åringen. Han byrja […]

Innlegg

Gigantindustri på Dommersnes – er det verdt det?

Publisert: 23. feb 23 kl. 07:21 Oppdatert: 8. aug 23 kl. 06:59

Jeg har etter nyheten om «Dommersnes-planene» sagt til meg selv at dette skal jeg ikke ytre meg for mye om. Jeg har tenkt at folk i Vikebygd stort sett er positive til planene, og at jeg tilhører et mindretall. Folkemøtet i bygda sist torsdag forsterket i første omgang denne tanken – folk som tok ordet […]

Innlegg

Stor motstand mot Dommersnes-planar

Publisert: 7. aug 23 kl. 15:33 Oppdatert: 7. aug 23 kl. 16:51

— Det er ein god start, men eg er sikker på at det talet er betydeleg høgare om nokre veker, seier Aakre Myrvang. Etter å ha kjøpt eit hus i Vikebygd i 2020 har han vore i bygda i helger og feriar. Tidlegare i år blei han og sambuaren fastbuande i bygda. — Draumen er […]

Innlegg

Rustar opp Vikestølshytta

Publisert: 31. jul 19 kl. 11:00 Oppdatert: 31. jul 19 kl. 08:32

Bjoa-halvøya er eit lite Noreg i miniatyr, med alt frå kyst og fjordlandskap, til djupe dalar og høge fjell. Og med tilkomst for turfolk frå mange stadar kan ein gå flotte turar med utgangspunkt til dømes frå Vikebygd, frå Bjoa, frå Øvre Vats eller frå Ølensvåg. Og midt i skaparverket ligg Vikestølen og den sjølvbetente […]

Innlegg

Klar tale til dei som styrer Vindafjord

Publisert: 8. feb 22 kl. 10:00 Oppdatert: 8. feb 22 kl. 10:12

Eg er oppvaksen i Vikebygd, og har i løpet av mine 27 år aldri flytta frå bygda. Her har eg gått i barnehage, 1-7 klasse, vore aktiv i idrettslaget, hatt gode vener, og trygge vaksne rundt meg til ei kvar tid. Ein god oppvekst som eg vil gi vidare til mine ungar. Difor valde eg […]

Innlegg

Var sterkt knytt til Vikebygd

Publisert: 13. okt 21 kl. 20:00 Oppdatert: 13. okt 21 kl. 20:39

Carl Ivar Svendsbø Olsen blei fødd 13. oktober 1921, i byen som den gong heitte Kristiania. Carl Ivar, som til kvardags blei kalla Ivar, vaks opp i Apotekergaten 8, midt i Oslo sentrum. Far hans eigde og dreiv Firma Carl M. Olsen, som i mange år var landets største vognmannsforretning, og han var kongeleg hoffleverandør […]

Innlegg

Pærebrann i Vikebygd

Publisert: 16. feb 09 kl. 08:22 Oppdatert: 16. feb 09 kl. 08:22

— Det er eit dårleg teikn at sjukdommen spreier seg innover i landet, seier Reidar […]

Innlegg

Musikalsk morgonbad i Vikebygd

Publisert: 13. jul 18 kl. 15:45 Oppdatert: 30. nov 18 kl. 18:52

Det starta med ein draum for to år sidan, og no er Vikemusikk i ferd med å bli realisert.

Innlegg

Rådmannen gir ikkje råd om Trovåg skal ut av Vikebygd

Publisert: 1. feb 20 kl. 17:24 Oppdatert: 1. feb 20 kl. 17:25

Rådmann Yngve Folven Bergesen tar ikkje standpunkt i spørsmålet om Trovåg kan skifte bygd frå Vikebygd og Skjold ved å endre på dei offisielle grensene mellom dei. Det betyr også å endre på grunnkretsane som blir brukte av Statistisk sentralbyrå og Statens kartverk. I staden for å gi eit klart råd, lanserer rådmannen tre alternativ […]