Grannar søkjer ny redaktør
Grannar er lokalavisa for kommunane Etne og Vindafjord. Avisa er konsernuavhengig med lokale eigarar. Avisa er redigert på nynorsk, ho har aktiv publisering digitalt og to utgåver i veka på papir. Kontoret er i Etne og opplagstalet er stabilt rundt 3500. Dekningsområdet er prega av eit aktivt landbruk, men også store og ekspansive industribedrifter med mykje lokalt eigarskap. Her er også stor aktivitet innan organisasjonsarbeid, idrett og kultur.
Me er på jakt etter ein samfunnsengasjert, synleg og sosial leiar med journalistfagleg kompetanse. Den nye redaktøren skal leia ein kompetent redaksjon og spesielt styrka lokalavisa i den digitale publiseringa og posisjonen hos yngre lesarar, slik at Grannar også i framtida blir det føretrekte mediet for informasjon i Vindafjord og Etne. Grannar er for tida leia gjennom toleiarmodellen.
ME YNSKJER AT DU HAR:
– Journalistfagleg kompetanse eller erfaring.
– Utdanning innan leiing eller leiarerfaring, eventuelt gode leiareigenskaper.
– Lokalkunnskap eller vilje og evne til å skaffa seg denne kunnskapen.
– Gode sosiale eigenskapar og vilje til å vera synleg lokalt.
– God forretningsforståing.
ME TILBYR:
– Gode og sentrale kontorlokale.
– Konkurransedyktig løn.
– God forsikringsordning og tenestepensjon.
Nærare opplysningar om stillinga får du hos styreleiar Øyvind Valen på tlf. 950 51 159.
Søknad sender du til styreleiar@grannar.no innan 20. november.