Ølen Betong og Norcem har signert den største prosjektkontrakten på minst ti år i Norge. Avtalen inneber leveranse av 100.000 tonn sement, skriv bygg.no.
Konsernet med hovudkontor i Ølensvåg har tidlegare inngått storkontraktar til levering på Ryfastforbindelsen, og det er denne kontrakten som ligg bak signeringa med Norcem.
Vindafjord-bedrifta har inngått avtaler om betonglevering til både Marti og AF Gruppen rundt bygginga av Solbakktunnelen som inngår i Ryfastprosjektet.
— Me skal levera drygt 200.000 kubikkmeter betong til prosjekt, fortel dagleg leiar Svein Atle Berge i Ølen Betong til Byggeindustrien.
Det er snakk om mykje sprøytebetong, og då blir det også store mengder sement.
Tidlegare har Ølen Betong også signert store prosjektkontraktar for sement, som blant anna til Snøhvit-prosjektet, men ingen så store som dette. Ifylgje bygg.no er heile Ryfast-prosjektet estimert å nytta 400 -500.000 kubikkmeter betong.